Vertikalt missil-avfyringssystem

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Prinsippskisse for eit vertikalt missil-avfyringssystem på skip

Vertikalt missil-avfyringssystem (engelsk Vertical Launching System, VLS) er eit missil-avfyringssystem som vert brukt ombord på ubåtar og overflateskip i fleire marinar rundt om i verda. Systemet er utvikla frå avfyringssystema for ballistiske missil ombord på ubåtar (SSBN). Fleire av systema kan brukast med ei rekkje ulike missil. Det amerikanske Mk 41 VLS, som er montert i dei norske fregattane i Fridtjof Nansen-klassa, kan verta med brukt mellom anna RIM-162 ESSM Evolved Sea Sparrow Missil, RIM-66 Standard, RIM-161 Standard missile 3 og Tomahawk kryssarmissil.

Mk41 VLS ombord på USS «San Jacinto».

Nokre system, som Mk 41 VLS og Mk 57 VLS, er «hot launch»-system. Det vil seia at motoren på missilet vert starta medan det står i utskytingsrøyret. «Cold launch»-system fungerer slik at missilet vert skote ut av røyret før motoren startar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]