Ballistisk missil

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Utskyting av eit Polaris A3-missil frå ein amerikansk ubåt.

Ballistisk missil (også kalla «ballistisk rakett») er eit missil som følgjer ein ballistisk bane på delar av strekninga mot målet sitt.[1] Til forskjell frå kryssarmissil styrer ein ballistiske missil berre i korte delar av ferda, medan banen det tek stort sett blir fastsett av tyngdekrafta og luftmotstanden i atmosfæren. Ein kort ballistisk bane er ein tilnærma parabel, medan ferder over lengre avstandar blir ein del av ein ellipse.[1]

Langdistanse interkontinentale ballistiske missil (ICBM) blir skotne nesten rett oppover og går inn i ein suborbital bane (ut av jordatmosfæren). Kortdisansemissil blir verande i atmosfæren. Ein skil gjerne mellom strategiske missil, som er langdistansemissil og kan oppnå særs stor fart når dei nærmer seg målet, og taktiske missil, som har kortare rekkevidde og mindre fart, men oftare blir brukt i strid.[2]

Ballistiske missil er ofte utstyrt med stridshovud som kan innehalda eksplosiv, atomvåpen eller andre masseøydeleggingsvåpen. Mellom- og langdistansemissil har som regel nukleære stridshovud.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Oppskytingskøyretøy med missil frå det sovjetiske 9K52 Luna-M-systemet, no ved Toljatti tekniske museum.

Det første ballistiske missilet var A4, betre kjend som V2, som blei utvikla av Nazi-Tyskland i 1930- og 1940-åra. Den første vellukka oppskytinga fann stad 3. oktober 1942. 6. september 1944 blei det første åtaket med missilet gjennomført mot Paris. I løpet av andre verdskrigen blei det skote opp over tre tusen V2-missil.

R-7 Semjorka var det første interkontinentale missilet, og blei utvikla av Sovjetunionen på 1950-talet. Denne teknologien danna grunnlaget for oppskytinga av verdas første kunstige satellitt, Sputnik 1, og seinare rakettar som Sojuz. USA utvikla SM-65 Atlas som svar i 1959. Interkontinentale missil var ein viktig del av terrorbalansen under den kalde krigen, sjølv om dei aldri blei brukt.

Fleire andre land har utvikla eigne ballistiske missil. I 2009 hadde 30 land utplassert ballistiske missil. I 2007 blei det utført meir enn 100 prøveoppskytingar utanfor USA, hovudsakleg frå land som Kina, Iran og Russland.[3][4]

Utskyting[endre | endre wikiteksten]

Utskytinga av Minuteman-III MIRV. launch sequence :
1. Missilet blir skote ut frå ein silo med den første rakettmotoren sin. (A).
2. Rundt 60 sekund etter oppskyting fell første rakettmotor av og den andre motoren (B) blir tend. Missilmaskeringa (E) blir send ut.
3. Rundt 120 sekund etter oppskyting blir den tredje mottoren (C) tend og skil seg frå den andre.
4. Rundt 180 sekund etter oppskyting slutter den tredje motoren å verka og Post-Boost Vehicle (D) skil seg frå raketten.
5. PBV manøvrerer seg klart til tilbakevending og førebur re-entry vehicle (RV).
6. RV og narrestridshovud blir aktiverte.
7. Armerte RV vender tilbake til atmosfæren i høg hastigheit.
8. Atomstridshovuda detonerer.

Ballistiske missil kan skytast opp frå bakken, frå spesiallaga køyretøy, fly, skip og u-båtar. Ferda kan delast inn i tre fasar. Startfasen er frå oppskytinga og så lenge missilet blir gjeve framdrift frå rakettmotoren sin. Denne fasen kan ta alt frå nokre sekund til fleire minutt. I midtfasen følgjer missilet ein ballistisk bane i fritt fall. Sluttfasen finn stad etter at luftmotstand påverker banen; for interkontinentale missil etter at dei vender tilbake til atmosfæren igjen, og fram til detonasjon.

Typar[endre | endre wikiteksten]

Ballistiske missil kan kategoriserast etter rekkjevidde.

  • Taktiske ballistiske missil: Ballistiske missil med rekkevidde opptil 300 km.
  • Theatre ballistiske missil: Ballistiske missli med rekkevidde mellom 300 og 3500 km. Blir ofte sett i same kategori som taktiske ballistiske missil.
    • Ballistiske kortdistansemissil (SRBM): Ballistiske missil med rekkjevidde kortare enn 1000 km.
    • Ballistiske mellomdistansemissil (MRBM): Ballistisk missil med rekkjevidde mellom 1000 og 3500 km.
  • Ballistiske langdistansemissil (IRBM / LRBM): Ballistiske missil med rekkjevidde mellom 2500 og 5500 km.
  • Interkontinentale ballistiske missil (ICBM): Ballistiske missil med rekkjevidde over 5500 km.
  • Submarine-Launched Ballistic Missile (SLBM): Ballistiske missil som blir skotne ut frå ballistiske missilubåtar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Ballistisk bane» (14. februar 2009), Store norske leksikon. Fri artikkel henta 19. november 2014.
  2. Tandberg, Erik. «Ballistisk missil» (24. oktober 2014), Store norske leksikon.
  3. «Executive overview: Jane's Strategic Weapon Systems». Janes. Henta 21. mars 2009. 
  4. Dirk Roland Haupt: Ballistiskt missilförsvar i Europa och folkrätten. Jus ad bellum, jus in bello och staters folkrättsliga ansvar ex delicto; i: Kungliga Krigsvetenskapsakademiens Handlingar och Tidskrift, 218:e årgången (2014), fjärde häftet, sid. 53-83 (på svensk)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Ballistisk missil