Vestfoldmuseene IKS

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Inngangspartiet til Slottsfjellmuseet i Tønsberg.

Vestfoldmuseene IKS er eit interkommunalt selskap som vart etablert i 2008 av ni kommunar i Vestfold og Vestfold fylkeskommune. Ved denne konsolideringa vart frå 2009 alle dei kommunale og regionale musea i Vestfold samla under ein administrasjon, samlokalisert med Samlingsforvaltningen i Sandefjord. I tillegg til musea omfattar Vestfoldmuseene IKS også Vestfoldarkivet, det tidlegare Fylkesarkivet for Vestfold. Dei statlege musea i fylket og dei lokale bygdetuna vart ikkje med i det nye føretaket.

Det nye føretaket er i første omgang ein administrativ overbygging for arkivet og dei musea som allereie eksisterer, og desse skal framleis vere visningsstadar og arenaar for lokalt engasjement. Vestfoldmuseene IKS utviklar felles overordna strategi for alle, og arbeider for å oppnå betre tilbod til innbyggjarane, faglege synergiar mellom dei tilsette og meir effektiv drift.

Ni kommunar er med: Larvik, Sandefjord, Tønsberg, Horten, Hof, Holmestrand, Sande, Svelvik og Re. I tillegg kjem Vestfold fylkeskommune.

John Fredrik Wallace er frå 2009 tilsett som Vestfoldmuseenes IKS sin første direktør.

Det er eitt felles styre for Vestfoldmuseene IKS, og dermed alle musea og arkivet, og representantskapet har valt Hans August Bruer Hanssen som første styreleiar.