Larvik

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Larvik
By
Larvik sett frå lufta.
Land  Noreg
Fylke Vestfold
Kommune Larvik
Areal 13,24 km²
Folketal 27 136  (2023)
Folketettleik 2 050 / km²
Innbyggjarnamn larviking
Preposisjon i Larvik
Kart
Larvik
59°3′12″ N 10°1′38″ E
Wikimedia Commons: Larvik

Larvik er ein by og administrasjonssenteret i Larvik kommune i Vestfold fylke med 27 136 innbyggjarar per 1. januar 2023. Byen har gode hamneforhold og er ei av dei største hamnene i Vestfold, med bilferjesamband til Hirtshals i Danmark. Vestfoldbanen går gjennom byen og E 18 passerer som motorvei nord for sentrum.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Larvik er ein gamal strandstad og fekk kjøpstadsrettar i 1671 da Ulrik Frederik Gyldenløve kjøpte godset Fritsø og vart greve av Laurvig, eit eldre namn på Larvik. Byen levde av trelasthandel, båtbygging og sjøfart, og av Fritsø jernverk, som vart drive inntil 1868. Hamneutbygging og jernbanesamband i 1880-åra til Oslo og Skien verka stimulerande på næringslivet i byen. Etter ein stagnasjonsperiode fekk byen ein ny og allsidig industrivekst frå 1930-åra.

Den eldste bygningsmassen i Larvik ligg ved Tollerodden. Her står Larvik kyrkje frå 1677, Laurvigs Hospital frå 1762 (freda i 1923), og den gamle tollboden frå 1712 (freda 1923, nå sjøfartsmuseum). I nærleiken ligg Herregården, ein vakker trebygning i barokkstil som var disponert i 1674 som Gyldenløves residens og hovudsete for Laurvig grevskap (freda i 1923). Tollerodden, Herregården og høgdedraget innanfor dannar eit skilje mellom den sentrale delen av byen i vest med vanleg trafikkhamn, jernbanestasjon, offentlege bygningar og forretningsstrøk, og Torstrand og Vestre Halsen i aust med industrihamn og industristrøk på dei flate sandslettene ved Lågen. Bydelen Langestrand vest for Farriselva har nær tilknyting til den eldste industrien i byen, Fritzøe Verk. På odden ved elveutløpet er det bygd eit nytt, moderne bustadkompleks, Fritzøe Brygge.

Larvik Museum har samlingar frå grevetida og frå sjøfarts- og industrihistoria til byen.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

«Larvik» i Store norske leksikon, snl.no.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Larvik
Spire Denne geografiartikkelen som har med Vestfold å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.