Vestleg kampkunst

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Fektemanualen Flor de Batalla frå 1409.

Vestleg kampkunst (eng. Western Martial Arts, WMA) er ein motsats til omgrepet «austleg kampkunst» (karate, judo, kendo etc). WMA omfattar alle kampsportar som har ei solid forankring i vesten.

Ein viktig del av WMA er gamle og dels gløymde kampmanualar som viser teknikkar med stav, kjepp, dolk, sverd, langsverd, strid frå hest, helebard, bruk av lite rundskjold (buckler) osv. Den eldste av desse manualane er frå ca. 1280, og dei fleste meiner at han vart skriven ned av ein munk. Manualen vert kalla «133»/«1.33»/«I 33» og syner teknikkar for bruk av sverd og lite rundskjold. Andre manualar går under namna på dei som ein trur laga dei, som Fiore di Liberi, Hanko Döbringer Johannes Liechtenauer, Sigmund Ringeck, Peter von Danzig, Juden Lew, Paulus Kal, Joachim Meyer, Da Silva og Mendoza.

Nokre WMA-tradisjonar har halde seg i live i fleire hundre år, til dømes olympisk fekting med kårde, olympisk bryting eller boksing. Desse retningane oppfattast av mange ikkje til å vere ein del av WMA-omgrepet, sjølv om dei kan reknast inn under det.

Ein må ikkje forveksle WMA med scenekamp og showkamp.

Det finst fleire moderne regelsystem for å kunne fekte trygt med varierande grad av verneutstyr og for å kunne kåre ein eller fleire vinnarar. Døme på dette er dei skandinaviske systema Hærkamp og Huskarl, det russiske Paloba, og det amerikanske systemet SCA. Dei vert normalt ikkje omfatta av WMA omgrepet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]