Veternica

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Veternica (Ветерница)
elv
Land Flag of Serbia.svg Serbia
Lengd 75 km km
Nedslagsfelt 515 km² km²
Kjelde Fjellet Kukavica
Munning Južna Morava, nær Leskovac

Veternica (serbisk Ветерница) er ei elv sør i Serbia med ei lengd på 75 km. Ho er ei sideelv til Južna Morava frå venstre og har gjeve namn til regionen ho renn gjennom.

Veternica spring ut frå fjelltoppen Grot, sør i Kukavica. Fire mindre elvar møter kvarandre og skapar Veternica. Ei stund renn elva parallelt til Jablanica. Elva er knytt til Jablanica via ein kanal ved landsbyen Bogojevce, før ho munnar ut i Južna Morava.

Nedslagsfeltet til Veternica høyrer til Svartehavet og ho drenerer eit område på 515 km².

Kjelder[endre | endre wikiteksten]