Veum stavkyrkje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 59°17′31″N 8°6′49″E

Bevarte portalplankar frå Veum stavkyrkje
Foto: Kulturhistorisk museum

Veum stavkyrkje var ei stavkyrkje på Veum i Fyresdal kommune i Vestfold og Telemark som vart riven omkring 1727, då ho vart avløyst av ei ny kyrkje. Stavkyrkja stod på den gamle kyrkjestaden ved Kyrkjegardsekra ved Veum sørigard (gnr./bnr. 85/1), eit par kilometer nordaust for dagens kyrkje. Kyrkja frå 1727 stod på same staden som stavkyrkja, medan dagens kyrkje (vigsla i 1863) står lengre mot sørvest.

Kyrkja er omtala i 1483[1] og elles hos Jens Nilssøn.[2] Ho er skildra som ei stavkyrkje i ein synfaringsrapport frå 1668, der det går fram at kyrkja er i dårleg stand.[3] Frå stavkyrkja er det teke vare på eit par portalplankar. Lorentz Dietrichson seier om dei: «Da imidlertid udskjæringene er meget bedre end de i den til 1370 daterede Tuddals kirke, maa Veum antages at være ikke lidet ældre end denne.» Lite synest elles å vere kjent om korleis kyrkja såg ut. Forutan portalplankane er det teke vare på eit krusifiks og ein altarkalk frå stavkyrkja.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Diplomatarium Norvegicum: Oldbreve til Kundskab om Norges indre og ydre Forhold, Sprog, Slægter, Sæder, Lovgivning og Rettergang i Middelalderen. 1: Første halvdel. Christiania: P. T. Mallings Forlagshandel. 1876. 
  2. Jens Nilssøn (1981). Yngvar Nielsen, red. Biskop Jens Nilssøns visitatsbøger og reiseoptegnelser 1574–1597 (2. utg.). Carl Zakariasson. s. 381, 383. 
  3. Dietrichson (1892), s. 414–415.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]