Vevlingar kring handledda

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Vevlingar er reimar som fiskarar i Noreg tidlegare vikla rundt handledda under skinnhyra. Dei hindra væte å trenge inn under ermane. Dei hjelpte og til med å halde varmen, og verne mot byllar på handledd og underarmar. Vevlingar vart helst laga av ull eller barka skinn. Skinnet måtte vere velsmurt og mjukt. Dei var oftast 40-80 cm lange og vel 10 cm breie. Vevingane vart vikla om handledda. Siste enden gjekk ut i ein spiss med eit fletta band.

Frå 1860-åra vart vevlingane utbytte med strikka pulsvottar. Desse kunne og verte kalla vevlingar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]