Viamala
Utsjånad
(Omdirigert frå Via Mala)
| Viamala | |||
| Dal | |||
Viamala med to bruer frå forskjellige tider | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Stad | Graubünden | ||
| • høgd | ca. 842 moh. | ||
| Lengd | 5 km | ||
![]() Viamala 46°39′42″N 9°26′57″E / 46.661543°N 9.449208°E | |||
| Wikimedia Commons: Via Mala | |||
Viamala eller Via Mala (retoromansk for dårleg sti) er ein gammal og frykta del av elva Hinterrhein mellom Zillis-Reischen og Thusis i kantonen Graubünden. Denne smale kløfta var det vanskelegaste hinder på vegen til dei to fjellovergangane Splügen- og San Bernardino-passet.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Helleristningar i Carschenna viser at det allereie i bronsealderen (ca 1500 f.Kr.) gjekk ein kløvsti over Alpane gjennom desse traktene.
I romartida førte ein veg frå Milano til Lindau over San Bernardino-passet gjennom Via Mala, men det er uklart om han var farbar med vogner.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Viamala» frå Wikipedia på engelsk, og «Viamala» frå Wikipedia på bokmål den 5. november 2011.

