Victoria Terrasse på Bouvetøya

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Victoria Terrasse på Bouvetøya
li
Land  Bouvetøya
Koordinatar 54°24′05″S 3°24′20″E / 54.401496°S 3.405609°E / -54.401496; 3.405609
Kart
Victoria Terrasse på Bouvetøya
54°23′50″S 3°24′05″E / 54.39722°S 3.40139°E / -54.39722; 3.40139

Victoria Terrasse er ei li langs nordaustkysten av den norske Bouvetøya i Sør-Atlanteren. Ho startar ved Kapp Lollo og Mokollen heilt aust på øya, og strekkjer seg langs kysten 3,9 km nordvestover til området der kysten svingar vestover mot Kapp Valdivia. I motsetnad til dei andre kyststrekningane på Bouvetøya har ikkje kysten nedanfor Victoria Terrasse fått eit eige namn.

Lia har namn etter bygningskomplekset Victoria Terrasse i Oslo.[1]

Ole Høilandstøtta står i havet like utanfor kysten av Victoria Terrasse.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Place names in Norwegian polar areas», stadnamn.npolar.no (på engelsk), henta 25. mai 2022 

«Stadnamn i norske polarområde». Norsk Polarinstitutt. Henta 12. desember 2012.