Bouvetøya

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bouvetøya
øy
Bouvetøya sett i 1898.
Flagg
Land  Noreg
Stad Sør-Atlanteren
 - koordinatar 54°26′S 3°24′E
Høgaste punkt Olavstoppen
 - høgd 780 moh.
Lengd 9,5 km
Areal 49 km²
 - Isdekt 45,5 km²
Folketal Ingen
Kravd 1. desember 1927
 - Annektert 23. januar 1928
 - Norsk biland 27. februar 1930[1]
 - Naturreservat 17. desember 1971[2]
Leiar Harald V
 - Administrasjon Polaravdelinga til Justisdepartementet
Kart
Bouvetøya
54°25′ S 3°22′ E
Wikimedia Commons: Bouvet Island

Bouvetøya (fransk Île Bouvet, tidlegare Liverpool Island) er ei subantarktisk vulkanøy som er under norsk suverenitet som biland i Sør-Atlanterhavet. Øya ligg sør i Midtatlanterhavsryggen og er den mest avsidesliggjande øya i verda. Øya har eit areal på 49 km², og av dette er 93 % av isbrear. Midten av øya er eit isfylt krater av ein inaktiv vulkan. Langs kysten ligg nokre skjer og ei øy, Larsøya. Nyrøysa, som vart danna av eit jordras seint i 1950-åra, er den einaste enkle staden å gå i land. Norsk Polarinstitutt har hatt ein automatisk vêrstasjon i drift her sidan 1977.

Øya vart fyrst oppdaga 1. januar 1739 av Jean-Baptiste Charles Bouvet de Lozier, som øya seinare vart kalla opp etter. Han skreiv ned unøyaktige koordinatar, og øya vart ikkje observert på nytt før James Lindsay namngav ho Lindsay Island i 1808. Benjamin Morrell hevda å ha vore i land på øya, som fyrste person, men dette er omstridd. Øya vart gjort krav på for Den britiske krona av George Norris i 1825, som namngav ho Liverpool Island. Han såg òg ei fantomøy i nærleiken som han kalla Thompson Island. Den fyrste «Norvegia»-ekspedisjonen gjekk i land på øya i 1927 og gjorde krav på øya for Noreg. Britane protesterte, men øya vart erklært eit norsk biland i 1930. Øya vart eit naturreservat i 1971.

Ettersom ein reknar Antarktis som områda sør for 60°S høyrer Bouvetøya ikkje til denne verdsdelen, men Subantarktis og kanskje Afrika, som ligg litt under 2000 km lenger nord. Bouvetøya har ingen fastbuande innbyggjarar, men eit rikt dyreliv. Norske ekspedisjonar kjem jamleg til øya for å kartleggja ho og studera naturen, dyrelivet og vêrtilhøva der og i havområda omkring.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Kart over Bouvetøya

Oppdaging og tidlege observasjonar[endre | endre wikiteksten]

Øya blei oppdaga den 1. januar 1739 klokka 15.00 av den franske marineoffiseren Jean-Baptiste Charles Bouvet de Lozier med skipa «Aigle» og «Marie»[3] Dette var første gongen ein hadde oppdaga land sør for 50. sørlege breiddesirkelen. Bouvet, som leita etter eit større sørleg kontinent ein gjetta på eksisterte, såg øya gjennom tåke og namngav neset han såg Cap de la Circoncision. Han klarte ikkje å koma i land og sigla heller ikkje rundt øya, og klargjorde difor ikkje om det faktisk var ei øy eller ein del av eit kontinent.[4] Posisjoneringa hans av øya var unøyaktig[5] så det gjekk mange år før ein fann ho att.[6]

Den andre reisa til James Cook sette ut frå Kapp Verde den 22. November 1772 for å finne Cape Circoncision, men klarte ikkje å finne neset.[7]

Det var fyrst i 1808 øya vart oppdaga på nytt då James Lindsay, kaptein på kvalbåten «Snow Swan» frå Samuel Enderby & Sons (SE&S).[8] Dei nådde øya og oppdaterte posisjonen hennar, men klarte ikkje å gå i land.[9][10] Lindsay stadfesta at neset i røynda var ei øy.[4] Den neste ekspedisjonen som nådde øya var amerikanske Benjamin Morrell og selskuta hans «Wasp». Morrell fann ifylgje sine eigne skildringar øya utan problem («litt for lett» ifylgje historikaren William Mills)[9] før han gjekk i land og jakta 196 selar.[4] I den lange skildringa som fylgde nemner ikkje Morrell den mest opplagde fysiske detaljen ved øya, det permanente isdekket.[11] Dette har gjort at somme historikarar tvilar på om han faktisk vitja øya.[9][12]

Den 10. desember 1825 gjekk George Norris frå SE&S, kaptein på «Sprightly», i land på øya,[4] og namngav ho Liverpool Island og gjorde krav på ho for Den britiske krona og Georg IV den 16. desember.[13] Den neste ekspedisjonen som observerte øya var Joseph Fuller og skipet hans «Francis Allyn» i 1893, men han klarte ikkje å gå i land på øya. Den tyske Valdivia-ekspedisjonen til Carl Chun nådde øya i 1898. Dei klarte heller ikkje å gå i land, men mudra opp havbotnen for geologiske prøvar.[14] Dei var òg dei fyrste som nøyaktige posisjonerte øya.[13]

Norrer såg òg ei anna øy, som han kalla Thompson Island, og som han plasserte 72 km nord-nordaust for Liverpool Island. Thompson Island vart òg rapportert av Fuller, men Chun rapporterte at han ikkje fann øya, og sidan har ingen andre sett ho heller.[14] Thompson Island var likevel med på kart så seint som i 1943,[15] Ein artikkel frå 1967 føreslo at øya kunne ha forsvunne i eit vulkanutbrot, men i 1997 vart det oppdaga at havet er meir enn 2400 meter djupt i området.[16]

Norsk annektering[endre | endre wikiteksten]

Annekteringa av øya den 1. desember 1927.
Den fyrste hytta bygd på Kapp Circoncision i 1929.

I 1927 var den fyrste Norvegia-ekspedisjonen leia av Harald Horntvedt og finansiert av Lars Christensen den fyrste som gjorde eit lengre opphald på øya. Dei gjorde observasjonar og landmålingar av øya og oseanografiske målingar i sjøen kring. Ved Ny Sandefjord vart det reist ei lita hytta og 1. desember vart det norske flagget heist og øya vart gjort krav på for Noreg. Annekteringa vart stadfest av ein kongeleg resolusjon den 23. januar 1928.[13] Storbritannia protesterte på dette kravet sidan Norris hadde gått i land og gjort krav på øya tidlegare. Den britiske stillinga var derimot svekt av at Norris hadde sett to øyar og at det var uvisst om han hadde vore på Thompson eller Liverpool Islands (altså Bouvetøya). Norris hadde plassert øya feil og då øya i tillegg ikkje hadde noka naturleg hamn og var såpass lita, så gjekk britane med på det norske kravet.[17] Dette førte til diplomatiske forhandlingar mellom dei to landa og i november 1929 sa britane i frå seg kravet sitt på øya.[13]

Den andre Norvegia-ekspedisjonen kom til øya i 1928 for å oppretta ein bemanna meteorologisk radiostasjon, men dei fann ikkje ein høveleg stad.[13] Då hadde både flaggstonga og hytta frå året før forsvunne. Den tredje Norvegia-ekspedisjonen, leia av Hjalmar Riiser-Larsen, kom til øya året etter og bygde ei ny hytte ved Kapp Circoncision og på Larsøya. Ekspedisjonen tok bilete av øya frå fly og det var fyrste gongen ein antarktisk ekspedisjon nytta luftfartøy.[18] Bilandslova, som vart vedteke av Stortinget den 27. februar 1930, oppretta Bouvetøya som eit biland, i lag med Peter I Øy og Dronning Maud Land.[1] Øyreselar vart verna på og kring øya i 1929 og i 1935 vart alle selar kring øya verna.[19]

Nyare historie[endre | endre wikiteksten]

I 1955 vitja den sørafrikanske fregatten «Transvaal» øya.[20] Nyrøysa er eit steinete område og det største isfrie området på Bouvetøya. Det vart skapt ein gong mellom 1955 og 1958, truleg av eit jordras.[21] Ein vitskapleg ekspedisjon i 1978 målte undergrunnstemperaturen på øya til 25 °C.[22] Øya vart vitja av det britiske marinefartøyet HMS «Protector» i 1964. I tillegg til at dei gjorde vitskaplege undersøkingar[14] fann dei ein livbåt ved Nyrøysa, men dei fann ingen folk.[22] Heile øya og farvatnet rundt vart verna som eit naturreservat den 17. desember 1971,[2]

Sidan 1970-åra har øya ofte vorte vitja av norske antarktisekspedisjonar. I 1977 vart det oppretta ein automatisk vêrstasjon og i to månader i 1978 og 1979 var ein bemanna vêrstasjon i drift.[18] Vela-hendinga fann stad 22. september 1979 på havet mellom Bouvetøya og Prince Edwardøyane då den amerikanske Vela Hotel-satellitten registrerte eit uforklarleg dobbeltglimt, som har vorte tolka som ei atomprøvesprenging, ein meteor eller feil på instrumenta.[22][23][24][25]

I mars 1985 fekk ein norsk ekspedisjon nok klårvêr til at heile øya kunne fotograferast frå lufta, slik at ein kunne lage nøyaktige kart av heile øya for fyrste gong.[26] Midt i 1980-åra vart Bouvetøya, Jan Mayen og Svalbard vurdert som stader for det nye norske internasjonale skipsregisteret, men bekvemmelighetsflagget vart til slutt lagt til Bergen i 1987.[27] Fleire amatørradio-ekspedisjonar, såkalla DX-pedition, er lagt til øya.[28][29] Norsk Polarinstitutt oppretta ein 36 m² stor forskingsstasjon av skipscontainerar ved Nyrøysa i 1996. Den 23. februar 2006 vart øya råka av eit jordskjelv på 6.2 med episenter kring 100 km frå øya[30]. Dette svekte fundamentet til stasjonen og gjorde at han bles på sjøen i ein vinterstorm.[31] Filmen Alien vs. Predator frå 2004 er sett til Bouvetøya.[32] I 2007 vart øya nominert som verdsarvstad som ein del av midtatlanterhavsryggen.[33]

Krillfiske i Sørishavet er eit tema i Konvensjonen for bevaring av marine levende ressursar i Antarktis, som definerer kvotane for berekraftig fiske av antarktisk krill.[34] Målingar i 2000 synte at det var mykje krill kring Bouvetøya. I 2004 fekk Aker BioMarine konsesjon til å drive fiske etter krill, og nye kvotar vart gjevne i 2008 slik at ein kunne fange totalt 620 000 tonn.[35] Det er omstridd om fisket faktisk er berekraftig eller ikkje, særleg i høve til at krill er ei viktig matkjelde for kval.[36] I 2009 søkte Noreg om å utvida kontinentalsokkelen forbi 200 nautiske mil kring øya hos Havrettstraktaten.[37]

«Hanse Explorer» vitja Bouvetøya den 20. og 21, februar 2012 som ein del av «Expédition pour le Futur». Fire fjellklatrarar (Aaron Halstead, Will Allen, Bruno Rodi og Jason Rodi) var dei fyrste som klatra til toppen av den 780 meter høge isbreen som dekkjer øya. Dei etterlét seg ein kapsel med bilete av framtida slik dei såg ho for seg i 2062. Aaron Halstead førte fem andre (Sarto Blouin, Seth Sherman, Chakib Bouayed, Cindy Sampson og Akos Hivekoviks) til toppen dagen etter.[38]

I 2014 byrja bygginga av ein ny forskingsstasjon på øya, Norvegia station, som etter planen skal stå klar mot slutten av året. Forskarane skal hovudsakleg forska på kvifor pingvinbestanden på øya minkar, medan selbestanden aukar.[39]

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Satellittbilete av Bouvetøya
Isbre på vestkysten av Bouvetøya.

Bouvetøya er ei vulkansk øy som er toppen av ein vulkan som ligg sør på Midatlanterhavsryggen sør i Atlanterhavet. Øya er 9,5 km lang og 7 km brei og dekkjer i alt 49 km²,[19] inkludert mange holmar og skjer, og ei større øy, Larsøya.[40] Bouvetøya ligg i Subantarktis, sør for den antarktiske konvergensen,[41] som etter somme definisjonar plasserer øya i Sørishavet.[42] Bouvetøya er den mest avsidesliggjande i verda.[43] Det nærmaste landområdet er Dronning Maud Land i Antarktis, som ligg 1700 km mot sør,[6] og Gough Island, 1600 km mot nord.[44] Den næraste busette staden er Kapp Agulhas i Sør-Afrika, 2200 km mot nordaust.[19]

Nyrøysa er eit 2 km lang og 500 meter breitt platå på nordvestkysten av øya. Det vart danna av eit jordras ein gong mellom 1955 og 1957 og den staden på øya der det er lettast å gå i land.[26] Her står ein vêrstasjon.[45] På nordvestsida av øya ligg halvøya Kapp Circoncision.[46] Frå der og aust til Kapp Valdivia heiter kysten Morgenstiernekysten.[47] Store Kari er ein holme som ligg 1,2 km aust for neset.[48] Frå Kapp Valdivia og søraust til Kapp Lollo på austsida av øya heiter kysten Victoria Terrasse.[49] Frå der til Kapp Fie søraust på øya heiter kysten Mowinckelkysten. Svartstranda er ein del med svart sand som strekkjer seg 1,8 km frå Kapp Meteor, sør for Kapp Fie.[50] Etter å ha runda Kapp Fie, heiter kysten langs sørsida Vogtkysten.[51] Den vestlegaste delen av kysten er den 300 meter lange Sjøelefantstranda.[52] Utanfor Catoodden, sørvest på øya, ligg Larsøya, den einaste større øya utanfor Bouvetøya.[40] Vestkysten frå Catoodden og nord til Nyrøysa vert kalla Esmarchkysten. Halvvegs opp denne kysten ligg Norvegiaodden (Kapp Norvegia)[53] og 500 meter utanfor ligg Bennskjæra.[54]

93 prosent av øya er dekt av isbrear, noko som gjer at øya har form som ein kuppel.[26] Området kring toppen av øya heiter Wilhelmplatået, og ligg litt vest for midten av øya.[14] Platået er 3,5 km breitt[55] og omgjeve av fleire toppar.[14] Den høgaste er Olavtoppen på 780 meter over havet,[26] etterfylgd av Lykketoppen (766 moh)[56] og Mosbytoppane (670 moh).[57] Nedanfor Wilhelmplatået ligg den største kalderaen som har skapt øya.[14] Det siste utbrotet fann stad kring 2000 fvt. og skapte ein lavastraum ved Kapp Meteor.[55] Ein trur vulkanen er i ferd med å verta inaktiv.[14] Temperaturen 30 cm under overflata er 25 °C.[26]

Den samla kystlengda til øya er 29,6 km.[58] Det er særs vanskeleg å gå i land på øya sidan sjøen jamnast er grov og kysten bratt.[26] Om vinteren er det pakkis kring øya.[19] Bouvet trippelpunkt ligg 275 km vest for Bouvetøya. Det er eit trippelpunkt mellom den søramerikanske plata, den afrikanske plata og den antarktiske plata, og mellom Midtatlanterhavsryggen, den sørvestindiske ryggen og Den amerikansk-antarktiske ryggen.[59]

Vestkysten av Bouvetøya

Klima[endre | endre wikiteksten]

Øya ligg sør for den antarktiske konvergensen og har eit marint antarktisk klima dominert av tett skydekke og tåke. Øya har ein årsmiddeltemperatur på −1 °C,[26] med ein normaltemperatur i januar på 1 °C og ein normaltemperatur i september på −3 °C.[44] Dei månadlege maksimumstemperaturane varierer lite gjennom året.[60] Den høgaste temperaturen som er målt er 14 °C i mars 1980, under ein klårvêrsdag. Ein har målt temperaturar opp mot 20 °C på snøfrie stader i sola.[26] Øya er dominert av vestavind.[44]

Vêrdata for Bouvetøya
Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Gjennomsnittleg maks °C 3 4 3 2 1 0 −1 −1 −1 0 1 3 1
Gjennomsnittleg min °C 0 0 0 0 −2 −4 −5 −5 −5 −3 −2 −1 −2
Kjelde: [60]


Natur[endre | endre wikiteksten]

Det harde klimaet og dei store mengdene is på øya gjer at vegetasjonen er avgrensa til lav, mosar og levermose. Plantelivet er typisk for det maritime Antarktis og er fytogeografisk lik Sør-Sandwichøyane og Sør-Shetlandsøyane. Vegetasjonen er avgrensa av det store isdekket, men det finst òg snøalgar. Resten av vegetasjonen finn ein i snøfrie område som nunatakar og andre fjelltoppar, berg langs kysten, nes og strender. Ved Nyrøysa finn ein fem mosar, fem artar lav, ein sopp og tjue typar algar. Dei fleste snøfrie områda er så bratte og utsette for snøras at ein berre finn lav og algar der. Øya har tre endemiske soppar og lavartar.[45]

Øya har vore erklært eit viktig fugleområde av BirdLife International fordi ho er ein viktig hekkestad for sjøfugl. I 1978–79 vart det estimert at det er 117 000 hekkande pingvinar på øya, som består av gulltoppingvin og til ein mindre grad ringpingvin og adeliepingvin. Desse vart berre estimert til 62 000 i 1989–90, Nyrøysa er den viktigaste kolonien for pingvinar, i tillegg til Posadowskybreen, Kapp Circoncision, Norvegiaodden og ovanfor Larsøya. Sørhavhest er den klårt vanlegaste fuglearten, utanom pingvinane, med 100 000 individ. Andre hekkande sjøfugl er flekkpetrell, antarktiskvalfugl, oseanstormsvale, svartbukstormsvale, sørhavsjo, sørkjempepetrell, snøpetrell, smalnebbkvalfugl og sørhavsterne. Ein trur at taremåse hekka på øya tidlegare. Ikkje-hekkande fugl som ein finn på øya er kongepingvin, vandrealbatross, svartbrynalbatross, campbellalbatross, gulnasealbatross, sotalbatross, gråalbatross, nordkjempepetrell, antarktispetrell, blåpetrell, silkepetrell, kortnebbmønjefugl, kvithovudpetrell, alvekvalfugl, kvithakepetrell, storlire, smalnebbdukkpetrell, sørjo og tjuvjo.[45]

Det einaste virveldyret på øya som ikkje er fugl er selar, særleg sørleg elefantsel og antarktisk pelssel, som begge ynglar på øya. I 1998–99 var det 88 elefantselungar og 13 000 pelsselungar ved Nyrøysa. Knølkval og spekkhoggar finst i farvatnet kring øya.[45]

Politikk og styre[endre | endre wikiteksten]

Bouvetøya er eit av tre norske biland.[61] I motsetnad til Peter I Øy og Dronning Maud Land, som er underlagt Antarktistraktaten,[62] er ikkje Bouvetøya omstridd.[58] Statusen til øya er at ho ikkje er ein del av Kongeriket Noreg, men likevel underlagt norsk statsvelde. Dette impliserer mellom anna at øya kan verte avstått utan å bryte den første paragrafen i den norske grunnlova.[61] Norsk administrasjon av øya vert handsama av Polaravdelinga ved Justisdepartementet, som ligg i Oslo.[63]

Annekteringa av øya er stadfest i Bilandslova av 24. mars 1933 og stadfester at norsk strafferett, privatrett og prosessrett gjeld på øya, i tillegg til andre øyar som eksplisitt er nemnde gjeld for øya. Lova fastslår vidare at alt landområde høyrer til staten og ho hindrar lagring og detoneringa av kjernefysiske produkt.[1] Bouvetøya har fått ISO 3166-2-koden BV[64] og fekk toppnivådomene .bv den 21. august 1997.[65] Domenet vert styrt av Norid men er ikkje i bruk.[66] Den eksklusive økonomiske sonen kring øya dekkjer eit område på 441 163 km².[67]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 «Lov om Bouvet-øya, Peter I's øy og Dronning Maud Land m.m. (bilandsloven)» (på norsk). Lovdata. Arkivert frå originalen den 25. oktober 2012. Henta 25. oktober 2012. 
  2. 2,0 2,1 «Forskrift om fredning av Bouvetøya med tilliggende territorialfarvann som naturreservat» (på norsk). Lovdata. Arkivert frå originalen 6. juni 2014. Henta 6. november 2012. 
  3. Mills (2003): 96
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 Barr (1987): 62
  5. Mill (1905): 47
  6. 6,0 6,1 Barr (1987): 58
  7. Hough (1994): 248
  8. Burney (1817): 35
  9. 9,0 9,1 9,2 Mills (2003): 434–35
  10. McGonigal (2003): 135
  11. Mill (1905): 106–107
  12. Simpson-Housley (1992): 60
  13. 13,0 13,1 13,2 13,3 13,4 Barr (1987): 63
  14. 14,0 14,1 14,2 14,3 14,4 14,5 14,6 P. E. Baker (1967). «Historical and Geological Notes on Bouvet Island» (PDF). British Antarctic Survey Bulletin (13): 71–84. Arkivert frå originalen (PDF) 28. februar 2012. Henta 6. november 2012. 
  15. A. R. H. and N. A. M. (1943). «Review: A New Chart of Antarctic». The Geographical Journal 102 (1): 29–34. JSTOR 1789367. doi:10.2307/1789367. 
  16. «Thompson Island». Global Volcanism Program. Arkivert frå originalen 23. september 2012. Henta 6. november 2012. 
  17. Kyvik (2008): 52
  18. 18,0 18,1 Barr (1987): 64
  19. 19,0 19,1 19,2 19,3 «Bouvetøya». Norsk Polarinstitutt. Arkivert frå originalen 14. mars 2013. Henta 6. november 2012. 
  20. «South African expedition to Bouvet Island, 1955». Polar Record 8 (54): 256–258. September 1956. doi:10.1017/S003224740004907X. 
  21. http://www.birdlife.org/datazone/userfiles/file/IBAs/AfricaCntryPDFs/Bouvet.pdf
  22. 22,0 22,1 22,2 Rubin (2005): 155
  23. Hersh (1991): 271
  24. Rhodes (2011): 164–169
  25. Weiss, Leonard (2011). «Israel’s 1979 Nuclear Test and the U.S. Cover-Up» (PDF). Middle East Policy 18 (4). 
  26. 26,0 26,1 26,2 26,3 26,4 26,5 26,6 26,7 Barr (1987): 59
  27. Kyvik (2008): 189
  28. «Bouvet Island 1990». NØHR. 19 December 2007. Arkivert frå originalen 12. januar 2008. Henta 6. november 2012. 
  29. «DXpedition to Bouvet/3Y0E». NØHR. 19 December 2007. Arkivert frå originalen 27. april 2012. Henta 6. november 2012. 
  30. «NEIC: Earthquake Search Results». USGS. Henta 19. august 2012. [daud lenkje]
  31. Jaklin, Patrick (20. juli 2010). «Norsk feltstasjon tatt av naturkreftene ved Antarktis». Norsk Polarinstitutt. Arkivert frå originalen 14. mars 2013. Henta 6. november 2012. 
  32. «Let's get ready to rumble!». Movie Magic: 62. januar 2005. 
  33. «Islands of Jan Mayen and Bouvet as parts of a serial transnational nomination av Mid-Atlantic Ridge system». UNESCO. Arkivert frå originalen 8. august 2012. Henta 6. november 2012. 
  34. Schiermeier, Quirin (2 September 2010). «Ecologists fear antarktisk krill crisis». Nature 467 (15): 15. doi:10.1038/467015a. Henta 6. november 2012. 
  35. Molde, Eivind (2. mars 2008). «Satsar på krill - eit nytt oljeeventyr». NRK (på norsk). Arkivert frå originalen den 6. november 2012. Henta 6. november 2012. 
  36. Haram, Øyvind Andre (5. november 2007). «Norge tek maten frå kvalen». NRK (på norsk). Arkivert frå originalen den 6. november 2012. Henta 6. november 2012. 
  37. Cordero-Moss, Giuditta. «The Law applicable to the Continental Shelf and in the Exclusive Economic Zone» (PDF). Universitetet i Oslo. Arkivert frå originalen den 6. november 2012. Henta 6. november 2012. 
  38. «Making history summiting av most remote land on earth». EXPEDITION POUR LE FUTUR. 18. oktober 2012. Arkivert frå originalen 13. mars 2013. Henta 6. november 2012. 
  39. Svein Lian og Ingvil Teige Stiegler (7. februar 2014). «Dette er en del av Norge». TV2.no. Henta 7. februar 2014. 
  40. 40,0 40,1 «Larsøya». Norsk Polarinstitutt. Arkivert frå originalen 14. mars 2013. Henta 6. november 2012. 
  41. «Den antarktiske konvergensen». Geographic Names Information System. Arkivert frå originalen den 6. november 2012. Henta 6. november 2012. 
  42. «The Antarctic convergence». United Nations Environment Programme/GRID-Arendal. 25 februar 2012. Arkivert frå originalen 4. januar 2014. Henta 6. november 2012. 
  43. «Volcanology Highlights». Global Volcanism Program. Arkivert frå originalen 3. juni 2012. Henta 6. november 2012. 
  44. 44,0 44,1 44,2 «Bouvetøya». Norsk Polarinstitutt. Arkivert frå originalen 13. desember 2012. Henta 6. november 2012. 
  45. 45,0 45,1 45,2 45,3 Hyser, Onno. «Bouvetøya» (PDF). BirdLife International. Arkivert frå originalen (PDF) 13. mars 2013. Henta 6. november 2012. 
  46. «Kapp Circoncision». Norsk Polarinstitutt. Arkivert frå originalen 14. mars 2013. Henta 6. november 2012. 
  47. «Kapp Valdivia». Norsk Polarinstitutt. Arkivert frå originalen 14. mars 2013. Henta 6. november 2012. 
  48. «Store-Kari». Norsk Polarinstitutt. Arkivert frå originalen den 6. november 2012. Henta 6. november 2012. 
  49. «Kapp Lollo». Norsk Polarinstitutt. Arkivert frå originalen 14. mars 2013. Henta 6. november 2012. 
  50. «Svartstranda». Norsk Polarinstitutt. Arkivert frå originalen 14. mars 2013. Henta 6. november 2012. 
  51. «Vogtkysten». Norsk Polarinstitutt. Arkivert frå originalen 14. mars 2013. Henta 6. november 2012. 
  52. «Sjøelefantstranda». Norsk Polarinstitutt. Arkivert frå originalen 14. mars 2013. Henta 6. november 2012. 
  53. «Norvegiaodden». Norsk Polarinstitutt. Arkivert frå originalen 14. mars 2013. Henta 6. november 2012. 
  54. «Bennskjæra». Norsk Polarinstitutt. Arkivert frå originalen 14. mars 2013. Henta 6. november 2012. 
  55. 55,0 55,1 «Bouvet». Global Volcanism Program. Arkivert frå originalen 15. februar 2013. Henta 6. november 2012. 
  56. «Lykke Peak». Geographic Names Information System. Arkivert frå originalen den 6. november 2012. Henta 6. november 2012. 
  57. «Mosby Peak». Geographic Names Information System. Arkivert frå originalen den 6. november 2012. Henta 6. november 2012. 
  58. 58,0 58,1 «Bouvetøya». The World Factbook. Central Intelligence Agency. Arkivert frå originalen 8. oktober 2010. Henta 6. november 2012. 
  59. Mitchell, Neil C.; Livermore, Roy A.; Fabretti, Paola; Carrara, Gabriela (2000). «The Bouvet triple junction, 20 to 10 Ma, and extensive transtensional deformation adjacent to the Bouvet and Conrad transforms» (PDF). Journal of Geophysical Research 105 (B4): 8279–8296. Bibcode:2000JGR...105.8279M. doi:10.1029/1999JB900399. Arkivert frå originalen (PDF) 24. april 2012. Henta 6. november 2012. 
  60. 60,0 60,1 «Monthly Averages for Bouvet Island». Climate Zone. Henta 1 januar 2011. 
  61. 61,0 61,1 Gisle (1999): 38
  62. Barr (1987): 65
  63. «Polar Affairs Department». Miljøvernsdepartmentet. Arkivert frå originalen 8. august 2011. Henta 25. oktober 2012. 
  64. Takle, Mona Takle; Vassenden, Kåre (March 1998). «Country classifications in migration statistics – present situation and proposals for a Eurostat standard» (PDF). United Nations Statistical Commission og United Nations Economic Commission for Europe. 
  65. «Delegation Record for .BV». Internet Assigned Numbers Authority. 13 November 2009. Arkivert frå originalen den 13. august 2010. Henta 6. november 2012. 
  66. «The .bv and .sj top level domains». Norid. 3 August 2010. Arkivert frå originalen den 5. oktober 2010. Henta 6. november 2012. 
  67. «EEZ Waters Of Bouvet Isl. (Noreg)». University of British Columbia. Arkivert frå originalen 24. september 2012. Henta 6. november 2012. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]