Victoriano Huerta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Victoriano Huerta
V Huerta.jpg
Fødd22. desember 1850
FødestadColotlán
Død13. januar 1916
DødsstadEl Paso

José Victoriano Huerta Márquez (22. desember 185013. januar 1916) var ein meksikansk hærmann og i 1913-14 den 35. presidenten i Mexico.

Huerta steig i gradene i hæren under Porfirio Díaz sitt presidentstyre og vart utnemnd til general. I februar 1913, under den meksikanske revolusjonen, leia Huerta ein oppreist mot president Francisco I. Madero. Han syrgde for at både Madero og visepresidenten Pino Suarez vart avretta. Oppreisten har vorte kalla La Decena Tragica ('Dei ti tragiske dagane'). Huerta-styret møtte omgpåande motstand frå revolusjonsstyrkar, som kasta landet ut i ein borgarkrig. Huerta gjekk av 15. juli 1914 og flykta til Jamaica ombord i eit tysk kriggskip. I 1915 vart han arrestert i USA, mistenkt for samarbeid med tysk spionasje. Han døydde etter eit halvt års fangenskap.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]