Viddalsdammen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Viddalsdammen
innsjø
Fretheimsdalsvatnet.jpg
Fretheimsdalsvatnet i november 2009.
Foto: Stray Croc
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Vestland
Kommune Aurland
Høgd over havet 929 moh.
Areal 3,88 km²
Kystlengd1 16,85 km
Koordinatar 60°47′55″N 7°14′45″EKoordinatar: 60°47′55″N 7°14′45″E

Viddalsdammen
60°46′2″ N 7°13′14″ E
1 Kystlengd er eit unøyaktig mål som kanskje ikkje er standardisert for denne artikkelen.

Viddalsdammen[1] (eller Viddalsmagasinet) er ein innsjø og kraftmagasin som ligg i Aurland kommune i Vestland fylke. Magasinet vart danna under kraftutbygginga i Aurlandsvassdraget på 1960- og 70-talet, då ei steinfyllingsdemning vart bygd ved utløpet av Viddalsvatnet. Etter oppdemminga flaut Viddalsvatnet saman med Liverdalsvatnet og Fretheimsdalsvatnet, og dei dannar no ein åtte kilometer lang samanhengande innsjø. Viddalsdammen er hovudmagasin for Aurland I kraftverk, og mottek vatn via eit omfattande tunnelsystem som strekkjer seg rundt heile Aurlandsdalen.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Viddalsdammen». Faktaark / Kartverket. Henta 1. mars 2021.