Aurland kommune

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Koordinatar: 60°54′N 7°12′E

Aurland kommune
kommune
Kommunevåpen
Land  Noreg
Fylke Vestland
Adm.senter Aurlandsvangen
Areal 1 468 km²
 - land 1 386 km²
 - vatn 82 km²
Folketal 1 800  (1. januar 2024)
Målform nynorsk
Ordførar Kjell Bøe Bjørgum (Ap) (2023)
Kommunenr. 4641
Kart
Aurland kommune
60°54′0″ N 7°10′0″ E
Wikimedia Commons: Aurland
Nettstad: www.aurland.kommune.no

Aurland er ein kommune i Indre Sogn i Vestland fylke. Han grensar i nordvest mot Vik, i nordaust mot Lærdal, i søraust mot Hol i Buskerud fylke og i sør og sørvest mot Voss og Ulvik.

Utsyn over Aurlandsfjorden, Aurlandsvangen og Flåm

Kommunesenteret heiter Aurlandsvangen. Andre bygder er Flåm, Gudvangen, Undredal og Vassbygdi. Kommunen femner om eit svært berglendt landskap der om lag 80 % av arealet ligg over 900 moh. Høgste punktet er Blåskavlen på 1809 moh.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Det er gjort gravfunn frå bronsealderen og vikingtida i Aurland.[1] Folketalet i Aurland var på sitt meste i 1845, om lag 2 800, og har sidan falle jamnt, først grunna utvandringa til Amerika, seinare som fylgje av den allmenne samfunnsutviklinga.

Kommunesoge[endre | endre wikiteksten]

Ulikt dei andre kommunane i Sogn har det vore berre små endringar i grensene til Aurland. Ein må heilt attende til tida før formannskapsdistrikta vart skipa i 1837 for å finne ei stor endring. I 1773 vart Oppheim sokn ført over frå Aurland skipreide til Voss. Sidan har det vore mindre endringar i grensa mellom Aurland og Hol kommune.[2] Aurland gjekk gjennom dei store kommunesamanslåingane på 1960-talet utan grenseendringar.

Folketalsutvikling[endre | endre wikiteksten]

Folketalsutvikling for Aurland kommune frå 1920:

1.12.1920[3] 1.12.1930[4] 3.12.1946[4] 1.1.1951[5] 1.1.1961[5] 1.1.1971[5] 1.1.1981[5] 1.1.1991[5] 1.1.2001[5] 1.1.2010[5]
2203 2540 2372 2367 2189 2374 2098 1862 1827 1682

Aurland prestegjeld[endre | endre wikiteksten]

Aurland var fram til 2004 eit prestegjeld i Indre Sogn prosti. Den lokale prestetenesta i Aurland vert no organisert av prosten i Indre Sogn prosti. Prestegjeldet hadde fire sokn, med kvar si soknekyrkje. Dette er Vangen sokn med Vangen kyrkjeAurlandsvangen, Flåm sokn med Flåm kyrkje, Undredal sokn med Undredal stavkyrkje og Nærøy sokn med Bakka kyrkje. Utom Bakka, som er fyrst fekk kyrkje i 1859, har alle kyrkjestadene historie til attende i mellomalderen. Vangen kyrkje er truleg frå 1200-talet, medan delar av Undredal stavkyrkje truleg er frå midten av 1100-talet. Flåm kyrkje er frå 1670, men ho erstatta ei eldre kyrkje som mest truleg var ei stavkyrkje. I tillegg til desse kyrkjene kjenner ein til at det har stått ei stavkyrkje på Rygg litt oppom der Vangen kyrkje står, og ei på Fretheim i Flåm.[6]

Næringsvegar[endre | endre wikiteksten]

Gamle og nye næringsvegar, som geitehald og kraftproduksjon, er basert på ressursane i høgfjellet. Jordbruk og handel er dei tradisjonelle næringane, seinare også skoproduksjon (Aurlandsskoen), kraftproduksjon og turisme.

Turismen knyter seg til den sjeldsynt vakre og varierte naturen: Aurlandsdalen, Flåmsdalen med Flåmsbana, verdsarvområdet Nærøyfjorden og fisket i Aurlandselva. Andre attraksjonar er Lærdalstunnelen, som er verdas lengste vegtunnel, og fjellvegen til Lærdal («Snøvegen») med utsiktspunktet Stegasteinen. Flåm har djupvasskai med stor cruisetrafikk.

Anna[endre | endre wikiteksten]

Stamvegen Oslo-Bergen (Europaveg 16) går gjennom Aurland.

Kommunen har to barneskular, ein ungdomsskule og ein vidaregåande skule med landsline innan økologisk landbruk (Sogn Jord- og Hagebruksskule).

Kjende personar[endre | endre wikiteksten]

  • Absalon Pederssøn Beyer (1528-75), humanist, historikar, teolog, notar, slottsprest m.m., fødd i Skjerdal, studerte i København og Wittenberg, budde seinare i Bergen. Skreiv m.a. verket "Om Norgis Rige".
  • Per Sivle (1857-1904), forfattar og redaktør, fødd i Flåm, oppvaksen på Vossestrand, budde seinare i Drammen og Kristiania.
  • Nils Tveranger (1874-1953), skomakar. Tveranger hadde 15 mann i arbeid i verkstaden. På det meste gav produksjonen av den spesielle skoen arbeid til 90 personer i Aurland.
  • Jens Lunde (1884-1974), stortingsrepresentant for Bondepartiet 1945-53. Grunnla SJH. Fylkeslandbrukssjef.
  • Ragnvald Terum Winjum (1917-65), fylkesordførar 1963, vararepresentant for Venstre på Stortinget 1961-65.
  • Johannes Vinjum (1930-91), kunstmålar og grafikar, fødd og oppvaksen på Aurlandsvangen, budde seinare i Oslo.
  • Finn Tokvam (1972-), journalist, musikar og forfattar, fødd og oppvaksen i Flåm, bur no i Bergen.

Verd å vitja[endre | endre wikiteksten]

Arkiv frå Aurland - registrerte i Arkivportalen.no[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Fornfunn i Aurland» på NRK Sogn og Fjordane Fylkesleksikon
  2. «Kommunehistoria i Aurland» i NRK Sogn og Fjordane Fylkesleksikon
  3. Statistisk årbok for kongeriket Norge 40de årgang, 1920 (Det statistiske centralbyrå, 1921)
  4. 4,0 4,1 Statistisk årbok for Norge 69. årgang, 1950 (Statistisk sentralbyrå, 1950)
  5. 5,0 5,1 5,2 5,3 5,4 5,5 5,6 Folkemengd i Aurland 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå
  6. «Kyrkjer i Aurland» i NRK Sogn og Fjordane Fylkesleksikon

Vidare lesnad[endre | endre wikiteksten]

  • Ohnstad, Anders, 1962: Aurland Bygdebok I, Fram til om lag 1920.
  • Ohnstad, Anders og Anna Gjerløw, 1964: Aurland II. Ættebok fram til om lag 1900.
  • Ohnstad, Anders, 1990: Aurland III. 1835-1985.
  • Ohnstad, Anders, 1988: Gardssoga for Aurland I, Vassbygdi og fjellgardane.
  • Ohnstad, Anders, 1994: Gardssoga for Aurland II, Frå Skjerdal til Tero.
  • Ohnstad, Anders, 1996: Gardssoga for Aurland III, Frå Loven til Frondalen.
  • Indrelid, Svein, 2003: Soga om Flåm I, Bygdi.
  • Indrelid, Svein, 2007: Soga om Flåm IIA, Gard og ætt - Fretheim til Geisme.
  • Vinjum, Erlend, 2004: Aurland. Stadnamn og kulturhistorie.
  • Thyri, Hans H., 2006: Aurlandsvegen.
  • Ohnstad, Åsmund, 2006: Undredal og Nærøy. Gard og ætt.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]