Viksefjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Vestkysten av Sveio. Viksefjorden ligg heilt til høgre på biletet, med Mølstrevågen litt lenger mot venstre.

Viksefjorden er ein fjord langs fylkesgrensa mellom Vestland og Rogaland i kommunane Sveio og Haugesund. Han har innløp frå Sletta gjennom Sørasundet og Nordresund ved øyane Smørsundsholmen og Trettøya, som ligg i innløpet.

Den ytste delen av fjorden er særs smal og vert kalla Smørsundet og her ligg grenda Straumen. Etter Smørsundet vert fjorden langt vidare og strekkjer seg i fleire retningar. Det ligg fleire små bygder langs fjorden. Hagland ligg i aust, Vikse, som har gjeve namn til fjorden ligg i nord og Våga ligg i søraust. Aust for Vikse ligg ein våg kalla Øyr og inst i denne vågen ligg Våge. Fleire små øyar ligg i denne indre delen av Viksefjorden. Den største av desse er Støleøya som er 500 meter lang.

Fjorden har ei lengd på om lag 5,5 km frå Sletta og inn til Våge i botn av Øyr.