Sletta ved Ryvarden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 59°28′30.292″N 5°10′13.588″E

Sletta med Ryvarden fyrstasjon (neset i midten) og Sveio bakom.

Sletta er eit ope havstykke nordvest for Haugesund og sør for innløpet til Bømlafjorden på grensa mellom Rogaland og Hordaland. Havstykket er om lag 12 km langt frå nord til sør og ligg heilt ope mot Nordsjøen

Ryvarden fyr i Sveio kommune ligg langs kysten av Sletta og området rett utanfor vart kjend då hurtigbåten MS «Slepiner» forliste på skjeret Store Bloksen like nordvest for Ryvarden 26. november 1999. 16 personar mista livet i forliset og eit minnesmerke står i dag ved fyret.

Like sør for Ryvarden stikk Mølstrevågen seg austover til bygda Mølstre og rett sør for her igjen ligg innløpet til Viksefjorden.