Viktor Kortschnoi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Viktor Kortschnoi
Victor Korchnoi.jpg
Fødd 23. mars 1931
St. Petersburg
Død

6. juni 2016
Wohlen

Viktor Kortschnoi på Commons
Viktor Kortschnoi

Viktor Lvovitsj Kortschnoi, tysk skrivemåte, russisk Ви́ктор Льво́вич Корчно́й, norsk transkripsjon Viktor Lvovitsj Kortsjnoj, engelsk Viktor Korchnoi, (23. mars 19316. juni 2016) fødd i Leningrad, i det dåverande Sovjetunionen, var ein russisk, seinare sveitsisk sjakkspelar. Han var ein av dei sterkaste sjakkspelarane gjennom tidene som ikkje har blitt verdsmeister i sjakk.

Kortschnoi er mest kjend for sine tre kampar om verdsmeistertittelen mot Anatolij Karpov.

Den første av desse var ei kandidatfinale i 1974 om retten til å møte dåverande regjerande verdsmeister Bobby Fischer til tittelkamp i 1975. Kampen i 1974 blei vunnen 3-2 av Karpov, med 19 remiser. Og då Fischer ikkje stilte til VM-kamp året etterpå blei Karpov verdsmeister.

Kortsjnoj søkte politisk asyl frå Sovjetunionen i 1976.

Både i 1978 og 1981 klarte Kortschnoi å kvalifisere seg til VM-kamp mot Karpov. Kampen i 1978 blei jamnspelt og dramatisk, med bruk av parapsykolog og anklager om juks, men til slutt vann Karpov. I 1981 vann Karpov klart.

Sjakkarriere[endre | endre wikiteksten]

Kortschnoi har ei lang og omfattande sjakkarriere, med mange sigrar. Blant dei viktigaste er fire sovjetmeisterskap i sjakk, i åra 1960, 1962, 1964/65 og 1970.

Heider[endre | endre wikiteksten]

Kortschnoi vann sjakk-Oscar for 1978. Sjakk-Oscar blir gitt til den beste spelaren siste år, etter ei avstemming blant sjakkjournalistar og sjakkekspertar verda over.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]