Viktor Singer
Utsjånad
| Viktor Singer | |
| Statsborgarskap | Sovjetunionen |
| Fødd | 29. oktober 1941 Davydovo |
| Død | 24. september 2013 (71 år) Moskva |
| Idrett | ishockey |
| Tok del i | Vinter-OL 1968 |
| Utmerkingar | Ærestegnets orden, Medaljen for utmerket arbeid, Hedret mester i idrett av Sovjetunionen |
Viktor Singer (29. oktober 1941–24. september 2013) var ein russisk ishockeyspelar frå ein landsby i Rjazan oblast. Perioden 1965-69 vann han fire VM-gull og OL-gull for Sovjetunionen.
Målvakta Singer vart verdsmeister i 1965, 1966 og 1967, olympisk meister 1968 og verdsmeister 1969. I dei fire fyrste turneringane danna han målvaktspar med Viktor Konovalenko.
Singer spelte 1961-64 for SKA Kujbysjev. Sidan gjorde han teneste i Spartak Moskva til han la opp i 1977. Han vart sovjetisk seriemeister 1967, 1969 og 1976, samt cupmeister i 1970 og 1971.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Wiktor Alexandrowitsch Singer» frå Wikipedia på tysk, den 6. april 2021.