Vilde Johansen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Vilde Johansen


Statsborgarskap Noreg
Fødd 25. juli 1994 (29 år)
Tønsberg
Idrett handball
Tok del i

Handball under Sommar-OL 2020 – Kvinner

Vilde Ingeborg Johansen (fødd 25. juli 1994) er ein norsk handballspelar frå Tønsberg som sidan 2019 er aktiv for den danske klubben Herning-Ikast. Ho var med i det norske mannskapet som fekk OL-bronse i 2021.

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

Johansen var Runar-spelar frå 2010. I 2013 gjekk ho over til landseinaren Larvik HK. Frå 2017 spelte ho på Tertnes. I 2019 flytta ho til Danmark og har sidan gjort teneste for den danske klubben Herning-Ikast.

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

24. juli 2015 debuterte Johansen i kamp mot Russland. Då fleire linjespelarar melde avbod til dei olympiske leikane i Tokyo sommaren 2021, fekk ho reserveplassen i OL-troppa. Johansen deltok i to av dei innleiande kampane i turneringa og fekk dermed bronse med det norske mannskapet. Ved utgangen av 2021 stod ho bokført med 13 landskampar og 2 mål.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]