Villa del Casale

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Planteikning med rominndeling

Villa del Casale, Villa Romana del Casale, siciliansk Villa Rumana dû Casali, er restane etter ein romersk villa (stort bustadhus på landet med sekundære bygningar) i nærleiken av byen Piazza Armerina i provinsen EnnaSicilia. Villaen vart påbyrja på slutten av tohundretalet og var i bruk fram til han vart øydelagt i ein brann i 1160, og seinare dekt til av eit jordras. Villaen utmerkar seg ved eit trettitals mosaikkbilete av særs framifrå kvalitet på til saman 3 500 rutemeter. Den fyrste mosaikken vart avdekt i 1929, og restaureringa av villaen vart avslutta i 1954. I 1997 vart villaen ført opp på verdsarvlista til UNESCO.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]