Ville Jalasto
Utsjånad
|
| |||
| Personleg informasjon | |||
|---|---|---|---|
| Fødd | 19. april 1986 (39 år) | ||
| Fødestad | Esbo | ||
| Høgd | 183 cm | ||
| Posisjon | Forsvarsspelar | ||
| Klubbinformasjon | |||
Noverande lag | Aalesund | ||
| Nummer | 5 | ||
| Ungdomsklubbar | |||
|
| |||
| Seniorkarriere* | |||
| År | Lag | Kampar (Mål) | |
| 2005-08 2009- |
|
71 (3) 69 (0)[1] | |
| Landslag | |||
2010- |
|
14 (1) 1 (0) | |
|
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 5. september 2011 ‡ Landslagsmål oppdatert 1. januar 2011 | |||
Ville Jalasto (fødd 19. april 1986 i Esbo i Nyland) er ein finsk fotballspelar. Han spelar for Kongsvinger IL Toppfotball (2020). I 2012-sesongen spela han som høgreback for Aalesund i den norske Eliteserien.
Jalasto tok til å spela fotball for FC Honka i heimbyen som åtteåring. Han debuterte på A-laget til Honka i den finske serien 4. mai 2006. I mars 2009 kom han til Ålesund. Han debuterte for Aalesund i den fjerde serierunden i 2009 mot Odd Grenland.[2] Han har fleire kampar for U21-landslaget til Finland og debuterte for A-landslaget 29. mai 2010 i ein privatlandskamp mot Polen.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Spelarprofil på Aalesund sine nettsider[daud lenkje]
- Denne artikkelen begynte med ei omsetjing frå finsk Wikipedia 15. juni 2011.