Hopp til innhald

Villefranche-de-Rouergue

Villefranche-de-Rouergue
Horisonten til Villefranche-de-Rouergue
Horisonten til Villefranche-de-Rouergue
Byvåpenet til Villefranche-de-Rouergue
Land
Region
Departement
Frankrike
Occitanie
Aveyron
Flatevidd 45,85 km²
Flatevidd
  By

45,85 km²
Innbyggjarar
  By (1999)
   - folketettleik

11 919
  260/km²
Koordinatar 44°21′N 02°02′E / 44.350°N 2.033°E / 44.350; 2.033
Høgd 290 m
Tidssone
  Ved sommartid
CET (UTC+1)
UTC+2 (UTC)
Postnummer 12300
Nettstad: www.villefranchederouergue.fr

Villefranche-de-Rouergue er ein by og kommune sør i Frankrike. Han er sous-préfecture (underprefektur) i departementet Aveyron i regionen Occitanie og har om lag 12 000 innbyggjarar.

Mot slutten av Albigenesarkrosstoget vart greven av Tolouse slått, noko som førte til freden i Paris i 1229. Med denne traktaten gav han grevskapet Rouergue til dottera si, som gifta seg med Alphonse de Poitiers, bror av St. Louis, konge av Frankrike. Alphonse grunnla Villefranche i 1252 på staden der ein gamal landsby kalla La Peyrade låg.

Under den andre verdskrigen var Villefranche okkupert av Nazi-Tyskland og ein Waffen SS-divisjon som hovudsakleg bestod av kroatar og muslimske kroatar. Ferid Džanić i lag med Božo Jeleneko og Nikola Vukelić, gjorde ein bataljon opprør mot nazistane 17. september 1943, men vart raskt slått ned og stort sett avretta på staden. Dei få som klarte å rømme, inspirerte den franske motstandsrørsla i Aveyron.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]