Villefranche-sur-Saône
| Villefranche-sur-Saône | |
|---|---|
| Land Region Departement |
Frankrike Auvergne-Rhône-Alpes Rhône |
| Grunnlagd | 1212 |
| Flatevidd | 9,48 km² |
| Flatevidd • By |
9,48 km² |
| Innbyggjarar • By (1999) - folketettleik |
30 647 3 233/km² |
| Koordinatar | 45°59′N 04°43′E / 45.983°N 4.717°E |
| Høgd | 191 m |
| Tidssone | CET (UTC+1) |
| Postnummer | 69400 |
Villefranche-sur-Saône (Velafranche på frankoprovensalsk) er ein by og kommune aust i Frankrike. Han er sous-préfecture (underprefektur) i departementet Rhône i regionen Auvergne-Rhône-Alpes, og har om lag 30 000 innbyggjarar. Byen ligg 1,5 km vest for elva Saône. Innbyggjarane i byen vert på fransk kalla Caladoise(s) (kvinner) og Caladois (menn).
Dei populære franske songarane Coralie Clément og Benjamin Biolay var fødd i Villefranche-sur-Saône.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Villefranche-sur-Saône vart grunnlagd i 1212 av Guichard IV, greve av Beaujeu og vart på 1300-talet hovudstad i provinsen Beaujolais. Han vart omleira tre gonger på 1400- og 1500-talet. Bymurane vart rive ned tidleg på 1800-talet.
Økonomi
[endre | endre wikiteksten]Av industri i byen finn ein vinproduksjon, metallurgi, tekstilar og kjemikaliar.