Villsvinet frå Erymanthos

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Herakles med villsvinet frå Erymanthos på ein gresk vase.

Villsvinet frå Erymanthos eller det erymanthiske villsvinet (gresk ὁ Ἐρυμάνθιος κάπρος, latin apar Erymanthius) er eit uhyrleg villsvin i gresk mytologi. Det herja på fjellet Erymanthos i Arkadia.[1][2] Saman med den keryneiske hinda var villsvinet vigd gudinna Artemis, som i nokre forteljingar sende det rasande dyret som straffedom over menneska.

Det fjerde av dei tolv storverka til Herakles var å fanga det erymanthiske villsvinet og ta det med til Mykene. Herakles utførte denne heltedåden ved å jaga dyret ut i djup snø, slik at han kunne fanga og binda svinet og bera det med seg. Då Herakles kom til Mykene med villsvinet og presenterte det for kong Eurysthevs, blei kongen så redd at han stupte ned i amforaen med vin frå det underjordiske.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Pinsent, John (1922-) (1985). Gresk mytologi. [Stabekk]: Ekstrabokklubben. s. 89. ISBN 8252511015. 
  2. Hertig, Henrik (1915-) (1962). Antikkens mytologi. Oslo: Dreyer. s. 59.