Bjørn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Bjørn (fleirtyding).
Bjørnefamilien
Utbreiing
Utbreiinga av bjørnefamilien
Utbreiinga av bjørnefamilien
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Pattedyr Mammalia
Overorden: Laurasiatheria
Orden: Rovpattedyr Carnivora
Underorden: Caniformia
Infraorden: Arctoidea
Overfamilie: Ursoidea
Familie: Bjørnefamilien Ursidae
Fischer, 1817

Bjørnefamilien (Ursidae) er ein familie av store, tunge rovpattedyr som ofte òg livnærer seg med plantekost. Nokre artar går i hi om vinteren.

Det har vore bjørnar på alle kontinenta, bortsett frå Australia og Antarktis, men det finst flest av dei på den nordlege halvkula. I Noreg lever brunbjørnen på fastlandet og isbjørnen mellom anna på Svalbard. I Skandinavia finst det i dag mellom 1 200 og 1 500 individ av brunbjørnen.

Skildring

Springande brunbjørn.

Bjørnane veg mellom 300 og 800 kg. Dei har tunge kroppar og kraftige lemmer. Labbane er breie med klør som alltid er ute, snuten er lang og halen er kort. Dyra er kjenneteikna av tjukk pels som kan ha ulike fargar, gjerne svart, raud eller kvit, og av og til med kvite teikningar på brystet eller i fjeset.

Dyra brukar tennene som reiskapar og til å forsvara seg. Dei kan mellom anna bruka klørne til å grava opp røter, riva opp termittuer eller bikuber, og fanga bytte.

Ståande leppebjørn.

Samanlikna med dei andre rovdyra er bjørnane trege, men dei kan likevel koma opp i ein fart på 50-60 km/t. Òg til forskjell frå andre rovdyr går dei på heile bakfoten, og ikkje berre tærne.

Byvåpenet for Berlin viser ein ståande bjørn.

Bjørn i kulturen

Bjørnar har lenge imponert menneska med storleiken og styrken sin, og dei er blitt dyrka som totemdyr i fleire kulturar. Fleire norske namn inneheld ordet «bjørn», og det finst fleire namn som viser til dyret åleine, til dømes Ursula , Bera og sjølve namnet Bjørn. Ein har teke dyret til beskyttar for fleire byar og finn det på fleire våpenskjold, og Russland har lenge vore symbolisert gjennom den russiske bjørnen.

I nyare tid, då bjørnejakt ikkje lenger er eit livsfarleg vågestykke, er det lagt meir vekt på den søte utsjånaden til bjørnar. Teddybjørnar og liknande kosedyr er blitt utbreidde og populære leiketøy, og koselege bjørnar er hovudpersonar i fleire historier for barn.

Nolevande bjørnar

Raud panda

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: Bjørn