Vincent Gérard

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Vincent Gérard


Statsborgarskap Frankrike
Fødd 16. desember 1986 (37 år)
Woippy
Idrett handball
Tok del i

Håndball under Sommer-OL 2016, Handball-VM 2017 for menn, Handball under Sommar-OL 2020 – Menn, Handball under Sommar-OL 2016 – Menn

Utmerkingar

ridder av Den nasjonale fortjenstorden, Årets håndballspiller i Frankrike – Beste målvakt, Årets håndballspiller i Frankrike – Beste målvakt, Årets håndballspiller i Frankrike – Beste målvakt, Årets håndballspiller i Frankrike – Beste målvakt, Årets håndballspiller i Frankrike – Beste målvakt, Ridder av Æreslegionen

Vincent Gérard (fødd 16. desember 1986) er ein fransk handballspelar. Han vart europameister 2014, verdsmeister 2017 og olympisk meister i 2021 med Frankrike sitt landslag. I 2018 vann han EHF-meisterligaen som Montpellier-spelar. Gerard er sidan 2023 målvakt i THW Kiel.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

Gérard fekk sin landslagsdebut mot Noreg den 6. april 2013. Vinteren 2014 var han med å vinne EM-gull. Sidan vart det sølv i Sommar-OL 2016, finalesiger mot Noreg ved Handball-VM 2017, i den sistnemnde meisterskapen vart Gérard teken med «all star»-laget. Etter bronsemedalje i EM 2018 og i VM 2019, kom det store høgdepunktet under dei olympiske sommarleikane i Tokyo sommaren 2021. I OL-finalen sigra Frankrike med 25 mål mot Danmark sine 23 nettkjenningar. To år seinare møttest dei same landa til VM-finale, ein kamp Frankrike tapte. Gérard har delteke i 150 landskampar og skåra 18 mål.

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

Etter to år og siger i både cup og serie med Montpellier, var han Istres-spelar 2008-10. Tida 2010-15 var han aktiv for Dunkerque, eit anna topplag som vart nasjonal cupmeister i 2011 og seriemeister i 2013. 2015-19 spelte han på Montpellier att, der han i 2018 var med på å vinne finalen i den europeiske meisterligaen. Sidan gjorde han teneste i PSG frå 2019 til 2022. Etter ein sesong i Saint-Raphaël, flytta han sommaren 2023 til det tyske storlaget THW Kiel.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • OL-gull: 2021 med Frankrike
  • VM-gull: 2017 med Frankrike
  • EM-gull: 2014 med Frankrike
  • OL-sølv: 2016 med Frankrike
  • VM-sølv: 2023 med Frankrike
  • EM-bronse: 2018 med Frankrike
  • VM-bronse: 2019 med Frankrike
  • Vinnar av EHF-meisterligaen: 2018 med Montpellier
  • Finalist i EHF-europaserien: 2012 med Dunkerque
  • Fransk seriemeister: 2008 for Montpellier, 2014 for Dunkerque, 2020, 2021, 2022 for PSG
  • Fransk cupmeister: 2008 for Montpellier, 2011 for Dunkerque, 2016 for Montpellier, 2021, 2022 for PSG

Kjelder[endre | endre wikiteksten]