Vinduet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Vinduet er eit skjønnlitterært tidsskrift gjeve ut av Gyldendal Norsk Forlag. Bladet kjem ut fire gonger i året og tek for seg norsk og utanlandsk litteratur.

Det blei grunnlagt av Harald Grieg og Nic. Stang i 1947, og er dermed det eldste litteraturtidsskriftet som framleis kjem ut i Noreg. Det har hatt redaktørar som Johan Borgen, Brikt Jensen, Jan Erik Vold, Knut Faldbakken, Janneken Øverland, Jan Kjærstad, Merete Morken Andersen, Henrik Langeland, John Erik Riley, Audun Vinger, Kaja Schjerven Mollerin og Preben Jordal. Redaktør sidan januar 2018 er Maria Horvei.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Om Vinduet». Henta 5. april 2018. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]