Brikt Jensen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Brikt Jensen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 15. september 1928
Bergen
Død

14. november 2011 (83 år)

Yrke skribent
Born Ingebrigt Steen Jensen

Brikt Jensen (15. september 192814. november 2011) var ein norsk forleggjar, forfattar, professor og programleiar frå Bergen.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Etter oppveksten i Bergen og noko arbeid i avisa Dagen, starta Jensen studia sine ved Universitetet i Oslo i 1949. Her vart han utdanna til mag. art, cand. philol og fekk doktorgrad i litteraturhistorie i 1964. Doktorgradsavhandlinga handla om den franske forfattaren François Mauriac og hadde tittelen Diktning eller psykologi.

Frå 1957 - 1959 jobba Jensen som lektor i norsk ved Universitetet i Strasbourg, og etter eit par nye stillingar vart han tilsett som kontorsjef ved UiO. Han tok også til som litteraturkritikar, både i Frisprog og Verdens Gang. Då Jensen i 1962 skreiv ei innstilling til kyrkje- og undervisningsdepartementet, bidrog han sterkt til skipinga av Norsk kulturråd og Norsk kulturfond. Han fekk Bastianprisen i 1964 for si omsetjing av André Gide si Falskmynterne.

I 1964 vart han redaktør i Gyldendal sitt tidsskrift, Vinduet, og året etter vart han assisterande direktør i Gyldendal. Jensen fekk mykje å seia for forlaget Gyldendal, då han var administrerande direktør frå 1970 - 1980 og deretter hovudkonsulent.

I 1984 vart han programleiar for NRK sitt Bokstavelig talt, ein litterær fjernsynsserie. I 1988 vart han utnemnd til professor II i allmenn litteraturvitskap ved Universitetet i Bergen. I 1990-åra jobba han også som litteraturanmeldar i Dagbladet.

Brikt Jensen vart i sitt fyrste ekteskap far til Ingebrigt Steen Jensen. Hans andre ekteskap varte fram til kona døydde i 2003.

Verv[endre | endre wikiteksten]

Verk (utval)[endre | endre wikiteksten]

  • Diktning eller psykologi? dr.avh., 1963
  • Glimt fra det 20. århundres litteratur, 1966
  • Brev fra et steinhus, 1976
  • Hver dag, 1980
  • Et varig vennskap. 46 brev fra Nordahl Grieg til Nils Lie 1928–43, 1981
  • Sigurd Hoel om seg selv, 1981
  • Det moderne gjennombruddet i nordisk litteratur, 1986
  • Fotnoter til en uskreven bok, 1988
  • Vår egen litteratur. Brikt Jensens lesebok for de tusen hjem, 1991
  • Selvangivelse, 1993
  • Min korsikanske landsby, 1995
  • Ordspråkleksikon, 1996
  • På sporet av det 20. århundre. En litterær reise 1900–1951, 2 bind, 1999–2000

Kjelder[endre | endre wikiteksten]