Viracocha

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Can Tici Viracocha (quechua Kun Tiqsi Wiraqucha), òg skrive Con-Tiki Viracocha, var ein «solgud», skaparen av sivilisasjonen og ein av dei viktigaste guddommane i religionen til inkaene.

Etter legenda fekk han ein son, Inti, og ei dotter, Mama Quilla. I legenda øydela Viracocha folket rundt Titicaca med ein flaum der to menneske overlevde for å bere sivilisasjonen til resten av verda. I ei anna legende var han far til dei første åtte siviliserte menneska. I somme soger hadde han òg kona Mama Cocha.

Namn[endre | endre wikiteksten]

Tiqsi i quechua tyder 'grunnlag' eller 'base', medan wira tyder 'feitt', som tydde energikjelde hos inkaane. Adjektiva kun og qucha/kucha tyder noko slikt som 'stor, allvetande, kraftfull' etc.

Vira Cocha kan òg omsetjast til 'skum på havet' eller 'havets skum', som kan ymte om at namnet kjem av at andletet til Viracocha, som etter tradisjonen skal ha vore ekstremt lyst og skjeggete.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]