Virpi Kuitunen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Virpi Kuitunen

Virpi Kuitunen teamsprint final duesseldorf 2006.jpg

Statsborgarskap Finland
Fødd 20. mai 1976
Kangasniemi
Idrett langrenn
Yrke langrennsløpar

Virpi Kuitunen (fødd 20. mai 1976 i Kangasniemi) er ein finsk langrennsløpar. Ho går for skiklubben Kangasniemen Kalske. Ho vert rekna som ein av dei mest suksessrike finske langrennsløparar etter tusenårsskiftet. Kuitunen tok gull på dobbelt jaktstart under Ski-VM 2001. Seinare i meisterskapen blei Kuitunen diskvalifisert etter å ha avgjeve positiv dopingprøve på blodplasma. Finland blei fråteken sølvmedaljen på stafetten, og Kuitunen blei grunna doping, utestengt i to år, men ho fekk likevel behalde gullmedaljen sin frå jaktstarten. Etter utestenginga har Kuitunen gjort eit overraskande comeback, og vann mellom anna sølv på tremila under Ski-VM 2005.

Meritter[endre | endre wikiteksten]

Olympiske vinterleikar

Ski-VM

Tour de Ski

  • Samanlagtsiger, 2008/2009

Verdscupen

  • 23 sigrar i enkeltrenn