Vishing

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Vishing (frå engelsk voice phishing) er ein ganske vanleg form for nettfiske som utnytjar VoIP-teknologien til å freista å lura sensitiv informasjon frå godtruande folk. Dette føregår ofte ved at eit e-brev som utgjev seg for å vera frå ein kjend institusjon (t.d. banken din), oppgjev eit telefonnummer og seier at det er viktig at du tek kontakt. På dét telefonnummeret møter offera ei automatisk telefonteneste som bed dei tasta inn kredittkortnummer, PIN-kode eller annan informasjon.

Medan dei fleste internett-brukarar har fått med seg at dei ikkje skal senda sensitive data i e-post berre fordi dei blir kontakta på nettet av einkvan som utgjev seg for å vera ein påliteleg bedrift (sjå phishing), har mange kundar framleis større tiltru til telefontenestene til finansinstitusjonar.

(Sjå òg pharming.)

Spire Denne dataartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.