Po

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Po
Po bacino idrografico.png
Utspring Dei cottiske Alpane
- Høgd 2 022 moh
Munning Adriahavet
Land i nedslagsfelt Italia, Sveits og Frankrike
Lengd 652 km
Middelvassføring 1 540 m³/s
Nedslagsfelt 71 000 km²

Po (latin Padus, i antikken Eridanus) er den lengste elva i Italia med ei lengd på 652 km. Ho renn frå vest til aust på tvers av heile Nord-Italia, frå Viso (i Dei cottiske Alpane) til Adriahavet nær Venezia. Ho har eit nedslagsfelt på 71 000 km², som inkluderer sideelvar frå både Frankrike og Sveits.

Ho renn gjennom mange viktige italienske byar, inkludert Torino og (indirekte) Milano i Lombardia. Ho er forbunde til Milano via eit nettverk av kanalar kalla navigli, som Leonardo da Vinci hjelpte til å utforme. Nær enden av elva dannar ho eit breitt elvedelta med hundrevis av små kanalar og fem store kalla Po di Maestra, Po della Pila, Po delle Tolle, Po di Gnocca og Po di Goro i den sørlege delen av Comacchio, eit område kjend for ål. Posletta svarer til Gallia Cisalpina, som vart delt inn i Gallia Cispadane Gaul (Sør for Po) og Gallia Transpadane (Nord for Po).

Den vidstrakte dalen rundt Po vert kalla Posletta (it: Pianura Padana) og er så effektivt forbunde til elva at heile dalen vart det viktigaste industriområdet i landet. Elva vert styrt av eit spesielt styringsorgan kalla Magistrato delle Acque.

Hovudnæringa til bønder rundt elva er korn.

I 2005 fann ein «enorme» mengder benzoylecgonine, som vert utsondra i urinen til kokainbrukarar. Basert på desse tala vart det estimert at dette utgjorde 4 kg dagleg eller om lag 27 dosar per dag per tusen innbyggjarar i området ved elva. Dette talet var nesten tre gonger høgare enn tidlegare estimat.[1]

Po i Torino.

Inntørking[endre | endre wikiteksten]

4. mai 2007 tørka elva opp fleire stader. Italia erklærte unntakstilstand i nordlege og sentrale regionar. Opptørkinga kom av at Alpane fekk mykje mindre snø enn normalt om vinteren og Italia hadde hatt sin varmaste vinter på 200 år. Dette er kanskje forbunde med global oppvarming. Det vart diskutert om ein skulle fylle opp elva med å leie vatn frå store innsjøar og reservoar i Alpane.

Sideelvar[endre | endre wikiteksten]

Av sideelvar finn ein (H er frå høgre og V er frå venstre) frå utspring til munning:

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]