Viss og berre viss

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Viss og berre viss eller biimplikasjon er eit uttrykk som er vanleg i matematikk og logikk. «A viss og berre viss B» inneber at A og B er ekvivalente, og slik at A følgjer B som at B følgjer A. I matematikken seier ein at B er eit nødvendig og tilstrekkeleg krav for A.

I matematikken nyttar ein symbolet \Leftrightarrow:

A \Leftrightarrow B \mbox{ er det same som }(A \Rightarrow B \quad og \quad B \Rightarrow A)

Til dømes gjeld det at

a-b=c \quad\Leftrightarrow\quad a=b+c,

der pila vert lesen som «viss og berre viss» eller «er ekvivalent med».

Døme[endre | endre wikiteksten]

Uttrykket 1+1=2 viss og berre viss 1 = 2-1 tyder to ting:

  1. Viss 1 + 1 = 2, så er 1 = 2 - 1.
  2. Viss 1=2-1, så er 1 + 1 = 2.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]