Vistehola

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Vistehola i Randaberg
Foto: Jarle Vines

Vistehola eller Svarthola er ein buplass frå steinalderen som ligg på Viste i Randaberg kommune i Rogaland fylke, 10 kilometer nordvest for Stavanger. Vist i namnet på hola kjem av norrønt for «bustad».

Vistehola var den fyrste holebuplassen i Noreg som vart undersøkt av fagfolk. Funnmaterialet er særdeles godt bevart, og gjev viktige opplysningar om korleis forgjengarane til nordmenn levde i eldre steinalder, for mellom 6 000 og 8 000 år sidan. Hola rommar eit busett areal på om lag 100 kvadratmeter, og ligg om lag 250 meter frå den notidige strandlinja. I brukstida stod vatnet vesentleg høgre. Avfallsdynga som dekte store delar av holegolvet, var 1,6 meter djup på sitt tjukkaste. Her var ikkje berre mengder med bein, skjel og reiskapsavfall, men også spor etter gravferder. Hunden er det einaste tamdyret det er funne spor av, sett bort frå nokre få bein frå ku og hest i det øvste laget, som skriv seg frå folkevandringstida. Ville dyr er derimot representert med kring sytti artar, blant desse 37 slag fugl og elleve slag fisk.[1] Vistehola er ikkje graven ut med moderne metodar, og mykje av det interessante beinmaterialet er med det vorte kasta. Så langt har berre Sævarhelleren inneheldt like gamle beinrestar.[2]

Ved austveggen i hola vart det funne eit skjelett av ein 15 år gamal gut som levde for kring 7500 år sidan.[3] Det er eitt av dei eldste funna av menneskelege leivningar i Noreg.

Hola vart studert av arkeologar i 1907, 1910, 1939 og 1941.

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Anders Hagen: Norges oldtid (s. 172-4), forlaget Cappelen, Oslo 1983, ISBN 82-02-09067-9
  2. http://hellerprosjektet.uib.no/hellere.spy?p=saevarhelleren[daud lenkje]
  3. arkivkopi, arkivert frå originalen 31. desember 2008, henta 17. juli 2012 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  • Vistehola i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren