Vitalij Davidov

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Vitalij Semjonovitsj Davidov (fødd 1. april 1939) er ein russisk tidlegare ishockeyspelar frå Moskva. Han vart verdsmeister med Sovjetunionen sitt ishockeylandslag ni år i rad, 1963-71.

Forsvarsspelaren Davidov spelte på Dynamo Moskva frå 1957 til han la opp i 1973. Frå 1963 til 1972 deltok han i samtlege verdsmeisterskap og i dei olympiske vinterleikane i Innsbruck, Grenoble og Sapporo. I denne perioden spelte han 178 landskampar på Sovjetunionen sitt landslag i ishockey og skåra åtte mål. Endå om han var småvaksen til back å vere, var Davidov kjend som ein framifrå kroppstaklar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]