Hopp til innhald

Vittore Carpaccio

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Vittore Carpaccio

StatsborgarskapRepublikken Venezia
Fødd1465
Venezia
Død

1526, 1520-åra
Venezia

Yrkekunstmålar, teiknar
Sjangerportrett
BornBenedetto Carpaccio
Vittore Carpaccio på Commons

Vittore Carpaccio var ein venetiansk målar under renessansen. Han var fødd kringom 1455 på uviss stad, og døydde 1526 i Capodistria i dagens Slovenia.

Liv og gjerning

[endre | endre wikiteksten]

Carpaccio arbeidde i Venezia, i det minste frå 1478 til 1522. Han var truleg lærling av Lazzaro Bastiani, men som historiemålar var Gentile Bellini hans fremste førebilete. Slektskapen med Bellini kjem sterkast til syne i Carpaccios praktfulle bybilete, samt i komposisjon og koloritt.

Draumen til den heilage Ursula er meisterverket mellom dei fire biletsyklusane av Carpaccio som framleis finst. Også dei andre syklusane; Scener frå livet til helgenane Georg og Hieronymus, Scener or Marias liv og den om Stefanuslegenda er prov på Carpaccios glitrande målarkunst. Han evna på sjeldant vis å sameine det reint saklege med ein fløymande fantasi.

I arbeidet med topografien var Carpaccio grundigare enn alle dei andre italienske renessansemålarane. Eksteriør og interiør vert skildra fargerikt og i detalj, og gjennom varleg bruk av lys går dei noggranne detaljane opp i ein einskapleg eleganse. Som kunstnar la han meir vekt på dekorativ verknad enn på det forteljande momentet.

  • Aschehougs kunsthistorie. Bind 4 Kunstleksikon

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Vittore Carpaccio