Vjatsjeslav Starsjinov

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Vjatsjeslav Starsjinov

Vjatsjeslav Ivanovitsj Starsjinov (fødd 6. mai 1940) er ein russisk tidlegare ishockeyspelar frå Moskva. Han vart verdsmeister med Sovjetunionen sitt landslag ni år i rad 1963-71, inkludert olympisk gullmedaljevinnar 1964 i Innsbruck og 1968 i Grenoble.

Senterløpar Starsjinov deltok i 182 landskampar på Sovjetunionen sitt ishockeylandslag i tida 1961-72 og skåra 149 mål. Han spelte på Spartak Moskva frå 1957 til 1972 og på ny i 1974/75-sesongen. Starsjinov og Spartak vart sovjetmeister i 1963, 1967 og 1969. Han stod for 405 skåringar på 540 kampar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]