Vlad III Dracula

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Portrett av Vlad den III i Ambras Castle i Innsbruck

Vlad Ţepeş (1431 - 1476) ogso kjent som Vlad den III Ţepeş var ein hospodar/gospodar (fyrste) av Vallakia,som no er ein del av Romania. Tilnamnet Ţepeş tyder spiddaren på rumensk. Han var født i Transsilvania, som den gongen var ein del av det ungarske kongeriket. Han var fyrste i fleire omgangar på 1400 talet, og fekk sitt tilnamn av di han hadde for vane å spidde folk på lange trepåler i endetarmen, slik at dei døydde langsamt og smertefullt. Han er den historiske figuren bak draculalegenden, endå namnet Dracula (tyder djevelen eller draken)var tilnamnet til faren hans. Vlad tepes var ikkje vampyr, men då Bram Stoker skreiv boka si um Dracula, då blanda han saman Vlad tepes med vampyrlegendene på Balkan, og slik var den Dracula, som vi kjenner, skapt.