Balkan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Balkan med den nordvestlege grensa Isonzo-Krka-Sava

Balkan er eit historisk og geografisk namn brukt om ein region i Søraust-Europa. Regionen har eit totalt areal på 550 000 km² og eit tilnærma innbyggjartal på 55 millionar menneske. Det gamle gresk namnet på Balkanhalvøya er Haemus (Χερσόνησος του Αίμου). Området har fått namnet sitt frå Balkanfjella som går gjennom sentrale områda av Bulgaria og austlege delar av Serbia.

Definisjonar og grenser[endre | endre wikiteksten]

Balkanhavøya[endre | endre wikiteksten]

Linje mellom det nordlegaste punktet i Adriatarhavet og det nordlegaste punktet i Svartehavet.

Balkan vert av og til kalla Balkanhalvøya sidan området grensar til vatn på tre sider: Svartehavet i aust, og armar av Middelhavet i sør og aust (inkludert Adriatarhavet, Det joniske havet, Egearhavet og Marmarahavet).

Balkanfolket[endre | endre wikiteksten]

Identiteten til balkanfolket er dominert av geografien i området, og gjennom historia har området hatt forskjellige kulturar på kryss og tvers. Det har vore eit knutepunkt mellom latinske og greske folkegrupper i Romarriket, området der heidenske slavarar strøymde til, eit område der både ortodoks og katolsk kristendom møttest, og eit område der kristendom og islam møttest. Det var òg eit område der jødar på flukt frå inkvisisjonen skjulte seg.

Balkan i dag er eit svært mangfaldig etnisk og språkleg område med slaviske, romanske, tyrkiske språk, i tillegg til gresk, albansk og andre. Gjennom historia har mange etniske grupper med sine eigne språk budd i området, mellom anna keltarar, illyrarar, romarar, avararar, valakarar, tyskarar og forskjellige germansk stammer.

Derfor har Balkan ei rik historie. Den historiske hendinga som kanskje har sett størst preg på folket på Balkan er utvidinga, og seinare fallet, til Det ottomanske riket. Det finst ikkje eit folk på Balkan som ikkje har sine store folkeheltar i samband med anten angrepa eller tilbaketrekkinga til ottomanane. For kroatarane er det Nikola Zrinski, for serbarane Miloš Obilić, for albanarane Skanderbeg, for bulgararane Vasil Levski og makedonarane Gotse Deltsjev.

I den moderne tida har Balkan fått ein negativ konnotasjon i vesten, og er ofte assosiert med splitting, vald, strid og sterkt samhald. Sjølv om slike karakteristikkar av Balkan er vanleg i dag, er det òg svært overdrive, og ei urett framstilling av heile historia i området.

Etymologi[endre | endre wikiteksten]

Opphavet til namnet Balkan finn ein i eldgamle soghdiske og khwarezmiske språk frå vestlege delar av Sentral-Asia i tillegg til persisk. I desse språka tyder «Barkhan» «rullande åsar» eller dyner. Namnet vert framleis brukt i Sentral-Asia i Turkmenistan der ei halvøy i Kaspihavet og ein provins vert kalla Balkhan.

Området har derimot fått namnet sitt frå Balkanfjella i Bulgaria, som tyrkarane gav namn til. I dag står balkan på tyrkisk for «ei rekkje av skogkledd, rullande åsar eller fjell».[1] På større skala går dei ei lang, kontinuerleg fjellkjede, forma som ein spegelvend S, frå Karpatane og sør til Balkanfjella, og vidare austover til Anatolia i Tyrkia. På vestkysten følgjer ein sideleggjar frå Dei dinariske alpane kysten sørover gjennom Dalmatia og Albania, kryssar Hellas og held fram i havet der ho dannar fleire øyar. Ordet var basert på det tyrkiske ordet balakan (stein, klippe) som stadfestar den reint «tekniske» tydinga av uttrykket. Fjellkjeda som går på tvers av Bulgaria frå vest til aust (Stara Planina) vert framleis kalla Balkanfjella.

Første gong «Balkan» vart brukt i Vesten for fjellkjeda i Bulgaria var i eit brev av Buonaccorsi Callimarco, ein italiensk humanist, forfattar og diplomat i 1490. Ein engelsk reisande, John Morritt, introduserte namnet i engelsk litteratur på slutten av 1700-talet, og andre forfattarar byrja å bruke det same namnet for eit breiare området mellom Adriatarhavet og Svartehavet. Konseptet om Balkanhalvøya vart oppretta av den tyske geografen August Zeune i 1808[2]. Ettersom tida gjekk fekk uttrykket gradvis politiske konnotasjonar som gjekk langt utover den opphavlege geografiske tydinga. Det utvikla seg frå politiske endringar seint på 1800-talet til danninga av Jugoslavia etter Den første verdskrigen. Zeune sitt mål ser ut til å ha vore og lage ein geografisk parallell til den italienske og Den iberiske halvøya, og ikkje noko meir. Dei politiske konnotasjonane er av nyare dato, og kjem hovudsakleg av forskjellige politiske omstende. Uttrykket Balkan inkluderte området som var under tyrkisk herredøme etter 1699, nemleg Bulgaria, Serbia (utanom Vojvodina), Makedonia, Albania, Bosnia-Herzegovina, Montenegro (bortsett frå Bokabukta og Budva), Kosovo og fastlandsområda av Hellas. Kroatia, Vojvodina og Transylvania (i Romania) høyrer ikkje til Balkan. Etter at Jugoslavia vart splitta i juni 1991, fekk uttrykket «Balkan» igjen ei negativ tyding, sjølv til uformelt bruk. Det siste tiårat, etter splitting av Jugoslavia, har Kroatia, og særleg Slovenia, bede om å ikkje lenger verte kalla ein «Balkannasjon». Dette kjem delvis av den nedsetjande tydinga «Balkan» fekk på 1990-talet og framleis har i dag. I dag er «Søraust-Europa» føretrekt, eller «Sentral-Europa» for Slovenia og stundom Kroatia.

Sjølv om det verken er historisk, geografisk eller politisk rett, så kjem sannsynlegvis «Balkan» til å framleis ha ei breiare og nedsetjande tyding.

Søraust-Europa[endre | endre wikiteksten]

På grunn av dei tidlegare nemnde konnotasjonane av uttrykket «Balkan», føretrekk mange folk uttrykket Søraust-Europa i staden. Bruken av dette uttrykket veks sakte, og eit initiativ av EU i 1999 er kalla Stabilitetspakt for Søraust-Europa, og nettavisa Balkan Times skifta namn til Southeast European Times i 2003.

Bruken av dette uttrykket for Balkanhalvøya (og berre det) ignorerer teknisk sett nordlege område av Romania, Moldova, Ukraina og Nord-Kaukasus, som òg høyrer til den søraustlege delen av Europa.

Grenseproblematikk[endre | endre wikiteksten]

Den nordlege grensa av Balkanhalvøya vert vanlegvis rekna for å vere linja danna av elvene Donau, Sava og Kupa, og eit segment som knyter munningen av Kupa med Kvarnerbukta.

Andre definisjonar for den nordlege grensa av Balkan har òg vore føreslått:

Balkan-halvøya (avgrensa av linja Donau-Sava-Kupa.

Den mest brukte grensa i nord er linja Donau-Sava-Kupa. Linja er underbygd både historisk og kulturelt. Når området er definert slik (utanom Montenegro, Dalmatia og Dei joniske øyane) inneheld det mesteparten av Det ottomanske riket i Europa frå seint på 1400-talet til 1800-talet. Kupa dannar ei naturleg grense mellom søraustlege område av Slovenia og Kroatia, og har vore ei politiske grense sida 1100-talet, som delte Carniola (som høyrde til Austerrike) frå Kroatia (som høyrde til Ungarn).

Donau-Sava-Krka-Postojnska Vrata-Vipava-Isonzo-linja tar ikkje med historiske og kulturelle faktorar, men er ei geografisk avgrensing av Balkanhalvøya. I denne løysinga høyrer dei karstiske og dinariske områda til Balkanregionen.

Sava halverer Kroatia og Serbia og Donau, som er den nest lengste elva i Europa (etter Volga) dannar ei naturleg grense mellom både Bulgaria og Serbia og Romania. Nord for denne linja ligg Den pannoniske sletta og Karpatane (i Romania).

Sjølv om Romania (utanom Dobrudja) ikkje geografisk er ein del av Balkan, så vert det ofte tatt med som ein del av Balkan.

I følgje den mest vanlege grensesettinga ligg Slovenia og Kroatia nord for Balkan, og vert rekna som ein del av Sentral-Europa. Både historisk og kulturelt er dei òg nærare Sentral-Europa, sjølv om kulturen deira har enkelte element frå Balkan-kulturen.

Den nordlege grensa for Balkanhalvøya kan ein derimot òg bli dradd annleis slik at i det minste delar av Slovenia og ein liten del av Italia (Trieste-provinsen) høyrer inn under Balkan.

Slovenia og Kroatia vart rekna som land i Balkan sidan dei tidlegare var ein del av Jugoslavia. Då Balkan vart skildra på 1900-talet vart heile Jugoslavia inkludert (og derfor Slovenia, Istria, øyar i Dalmatia og andre delar av Kroatia og Vojvodina i tillegg).

Sava-Kipa grensa vil utelate ein stor del av Kroatia frå Balkan (desse områda vart styrt av Habsburgmonarkiet og Republikken Venezia under Ottoman-perioden). Andre faktorar som tidlegare historie og kultur knyter òg Kroatia meir til Sentral-Europa og Middelhavsregionen enn til Balkan.

Ein vanleg definisjon i dag[endre | endre wikiteksten]

Politisk kart frå 1891
Politisk kart frå 1991

I den vestlege verda er det vanleg å inkludere desse landa i Balkanregionen:

Andre land vert stundom òg tatt med på lista:

Enkelte land, som Romania, Kroatia, Slovenia og stundom Hellas, føretrekk å ikkje verte kalla «Balkanland» fordi det «å vere frå Balkan» vert rekna for å vere eit nedsetjande uttrykk.

Tilknytta land[endre | endre wikiteksten]

Andre land som ikkje er med i Balkanregionen, men som er nært knytt til området eller har spelt ei viktig rolle geopolitisk, kulturelt og historisk er:

Natur og naturressursar[endre | endre wikiteksten]

Det meste av området er dekt av fjellkjeder som går frå nordvest til søraust. Dei største fjellkjedene er Dei dinariske alpane i Slovenia, Kroatia og Bosnia, Šar-massivet, som ligg i Albania og Makedonia, og Pindus-kjeda som går frå sør i Albania og inn i sentrale område av Hellas. I Bulgaria går det kjeder frå aust til vest: Balkanfjella og Rodopifjella ved grensa til Hellas. Det høgaste fjellet i regionen er Musala i Bulgaria på 2 925 m, med Ólymbos i Hellas, trona til Zevs, som det nest høgaste med 2 919 m. Det tredje høgaste fjellet er Vihren i Bulgaria med 2 914 meter.

På Adriahavskysten er det fuktig subtropisk klima og middelhavsklima, på Egearhavskysten er det middelhavsklima, på Svartehavskysten er det fuktig subtropisk klima og maritimt klima, og i indre område fuktig kontinentalklima. I nordlege delar av halvøya og i fjella er vintrane kalde og snørike, medan somrane er varme og tørre. I sørlege område er vinteren mildare.

Gjennom hundreår er mange skogar hogd ned og erstatta med buskar og kratt. I sørlege område, og langs kysten, er vegetasjonen eviggrøn. I innlandet har ein skogar som er typisk for Sentral-Europa (eik og bøk), og i fjellet gran og furu. Tregrensa i fjellet ligg på om lag 1 800 til 2 300 m.

Jordsmonnet er er generelt dårleg, bortsett frå på slettene i område der naturleg gras, grøderik jord og varme somrar gjev gode vilkår for jordbruk. Elles er jorddyrkinga vanlegvis vanskeleg på grunn av fjella, steikande varme om sommaren og dårleg jordsmonn. Det vert derimot dyrka ein del oliven og druer.

Energiressursar er det knapt med. Det er enkelte førekomstar av kol, særleg i Romania, Bulgaria, Serbia og Bosnia. Brunkol har ein mykje av i Hellas. Petroleum er det mest av i Romania, sjølv om ein har enkelte førekomstar i Hellas, Serbia, Albania og Kroatia. Naturgass er det derimot lite av. Vasskraftverk vert mykje brukt for straumproduksjon.

Metallmalm er meir vanleg enn andre råmaterial. Jernmalm er sjeldan i enkelte land, men det finst forholdsvis store mengder med kopar, sink, tinn, kromitt, mangan, magnesitt og bauksitt. Nokre metall vert eksportert.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Balkan-regionen vart det første området i Europa der det i yngre steinalder oppstod jordbrukskulturar. Dyrking av korn og avl av buskap kom til Balkan frå den Fruktbare halvmåne via Anatolia, og spreidde seg vestover og nordover til Pannonia og Sentral-Europa.

I antikken og tida før, var området heim for grekarar, illyrarar, peonarar, thrakarar, makedonarar og andre antikke folkegrupper. Seinare erobra Romarriket det meste av området og spreidde den romerske kulturen og det latinske språket, men ein stor del av området var framleis påverka av Hellas. Under Mellomalderen var Balkan åstad for fleire krigar mellom Dei bysantinske, bulgarske og serbiske rika.

Mot slutten av 1500-talet vart Det ottomanske riket den dominerande makta i regionen, sjølv om det var sentrert rundt Anatolia. På grunn av mange ottomanske krigar i og rundt Balkan, og fordi ottomanane isolerte seg økonomisk frå resten av Europa (då store delar av Europa flytta det kommersielle og politiske fokuset mot Atlanterhavet), har Balkan vore den delen av Europa som har vore seinast utvikla.

Landa på Balkan byrja å få sjølvstende på 1800-talet (Hellas, Serbia, Bulgaria, Montenegro) og i 1912-1913 reduserte Balkanligaen Tyrkia sitt territorium til slik det er i dag i Balkankrigane. Den første verdskrigen vart utløyst med skotet i Sarajevo (hovudstaden i Bosnia-Herzegovina) og mordet på Franz Ferdinand.

Etter Den andre verdskrigen spelte Sovjetunionen og kommunismen ei viktig rolle på Balkan. Under Den kalde krigen vart dei fleste landa på Balkan styrt av kommunistiske regjeringar som støtta Sovjet.

Sjølv om dei var kommuniststatar, så kom Jugoslavia (1948) og Albania (1961) på kant med Sovjetunionen. Jugoslavia, leia av marskalk Josip Broz Tito (1892–1980), kom først med ideen om å slå landet saman med Bulgaria, men valde i staden å søke nærare relasjonar til Vesten, og vart til og med medlem av Organisasjonen av alliansefrie nasjonar. Albania flytta seg derimot mot det kommunistiske Kina, og adopterte seinare ein isolasjonspolitikk.

Dei einaste ikkje-kommunistiske landa var Hellas og Tyrkia, som var (og framleis er) ein del av NATO.

1990-talet vart regionen alvorleg påverka av krigen mellom dei tidlegare jugoslaviske republikkane, noko som førte til NATO-styrkar gjekk inn i Bosnia-Herzegovina, Kosovo og Republikken Makedonia. Situasjonen for Kosovo og etniske albanarar er generelt framleis uløyst.

Landa på Balkan kontrollerer direkte landruta mellom Vest-Europa og Sørvest-Asia (Litleasia) og Midtausten. Sidan 2000 har alle landa på Balkan vore vennleg mot EU og USA.

Hellas har vore eit medlem av EU sidan 1981; Slovenia og Kypros sidan 2004. Bulgaria og Romania vart medlemmar i 2007. I 2005 valde EU å starte forhandlingar med Kroatia og Tyrkia, og Republikken Makedonia vart godkjend som ein kandidat. Sidan 2004 har Bulgaria, Romania og Slovenia òg vore medlem av NATO. Bosnia-Herzegovina og Serbia og Montenegro starta forhandlingar med EU om ein Stabiliserings- og aksesjonsavtale, men forhandlingane med Serbia og Montenegro vart raskt utsett på grunn av mangel på samarbeid med Det internasjonale krigsforbrytartribunalet for det tidlegare Jugoslavia.

Dei andre landa har uttrykt ønske om å bli med i EU, men på eit seinare tidspunkt.

Innbyggjarar etter nasjonalitet og religion[endre | endre wikiteksten]

Gamalt etnisk kart

Nasjonalitetane i regionen er:

Dei store religionane i området er (austleg ortodoks og katolsk) kristendom og islam. Ein har fleire forskjellige tradisjonar og skikkar, og kvart av dei austleg ortodokse landa har sine eigne nasjonale kyrkjer.

Følgjande land er i hovudsak austleg ortodokse:

Den romersk-katolske kyrkja er den viktigaste religionen i følgjande land:

  • Kroatia
  • Slovenia

Islam er den viktigaste religionen i følgjande land:

  • Albania
  • Tyrkia

Følgjande land har religiøse grupper som utgjer meir enn 10 % av det totale innbyggjartalet:

  • Albania: Austleg ortodoks, katolsk
  • Bosnia-Herzegovina: Bosniarane er hovudsakleg muslimar, serbarane er hovudsakleg serbisk (austleg) ortodokse og kroatane er stort sett katolske.
  • Bulgaria: Islam.
  • Kroatia: Serbarar er ortodokse
  • Republikken Makedonia: Albanarane er stort sett muslimar
  • Montenegro: Albanarar og bosniarar er muslimar
  • Serbia: Albanarar og bosniarar er stort sett muslimar, ungararar, slovakar og kroatar er stort sett katolske.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Banac, Ivo. Historiography of the Countries of Eastern Europe: Yugoslavia, American Historical Review, v 97 #4 (Oktober 1992), 1084-1104.
  • Banac, Ivo. The National Question in Yugoslavia: Origins, History, Politics Cornell University Press, [1984].
  • Carter, Francis W., ed. An Historical Geography of the Balkans Academic Press, 1977.
  • Dvornik, Francis. The Slavs in European History and Civilization Rutgers University Press, 1962.
  • Fine, John V. A., Jr. The Early Medieval Balkans: A Critical Survey from the Sixth to the Late Twelfth Century [1983]; The Late Medieval Balkans: A Critical Survey from the Late Twelfth Century to the Ottoman Conquest. Ann Arbor: University of Michigan Press, [1987].
  • John R. Lampe and Marvin R. Jackson; Balkan Economic History, 1550-1950: From Imperial Borderlands to Developing Nations Indiana University Press, 1982
  • Jelavich, Barbara. History of the Balkans, 2 vols. Cambridge University Press, [1983].
  • Jelavich, Charles, and Jelavich, Barbara, eds. The Balkans in Transition: Essays on the Development of Balkan Life and Politics since the Eighteenth Century University of California Press, 1963.
  • Király, Béla K., ed. East Central European Society in the Era of Revolutions, 1775-1856. 1984
  • Komlos, John, ed. Economic Development in the Habsburg Monarchy and in the Successor States: Essays 1990.
  • Traian Stoianovich; Balkan Worlds: The First and Last Europe 1994.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Balkan