Vladimir Ivanovitsj Voronin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Vladimir Ivanovitsj Voronin

Verkeleg namn Владимир Иванович Воронин
Statsborgarskap Det russiske imperiet, Sovjetunionen
Fødd 5. oktober 1890
Sumskij Posad
Død

18. oktober 1952 (62 år)
Dikson

Yrke oppdagar, sjøfarer, politikar, militær
Vladimir Ivanovitsj Voronin på Commons

Vladimir Ivanovitsj Voronin (17. oktober 189018. oktober 1952) var ein kaptein i den sovjetiske marinen, fødd i Sumskij Posad i dagens Republikken Karelen i Russland.

I 1932 var han kaptein på den sovjetiske isbrytaren «Aleksander Sibirjakov» som var det første skipet som segla heile Nordaustpassasjen utan å måtte overvintre. Denne reisa var organisert av det sovjetiske polarinstituttet. Reisa tok 65 dagar og skipet var mellom anna i drift i 11 dagar då propellskaftet braut sundt.

I 1933-1934 var han kaptein på ein annan polarekspedisjon på isbrytaren «Tsjeljuskin». Skipet hamna i pakkisen nær Koljutsjin i Tsjuktsjarhavet og mannskapet brukte nesten ei veke på å kome laus att. Skipet sette seg derimot fast i pakkisen igjen og dreiv mot Beringsundet. Mot slutten av november vart det klart at skipet ikkje kom til å kome seg laus igjen og dei innsåg at dei måtte overvintre. Etter kvart vart skipet skvist mellom store isfjell og stod i fare for å søkke. Voronin gav ordre om å laste av alt utstyr og sette opp ein leir bak skipet. Store sprekker oppstod derimot i isen under telta og mannskapet måtte laste utstyret tilbake på skipet. «Tsjljuskin» dreiv i to månader i Tsjuktsjarhavet aust for Wrangeløya. Til slutt vart skipet knust av isen. Voronin og

Vladimir Voronin på russisk frimerke
Byste av Voronin i Arkhangelsk

Otto Schmidt klarte akkurat å hoppe av i tide før det sokk nær Koljutsjin. Eit medlem av mannskapet mista livet. Mannskapet fekk radiokontakt med landsbyen UelenTsjukotkahalvøya og mannskapet vart etter kvart redda. Redningsoperasjon tok over ein månad med fly på grunn av dårleg vêr.[1]

Voroninøya i Karahavet er kalla opp etter kapteinen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]