Tsjuktsjarhavet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kart over Tsjuktsjarhavet.

Tsjuktsjarhavet (russisk Чукотское море, Tsjukotskoje more; engelsk Chukchi Sea) er eit randhav i Nordishavet. Det grenser i vest til DeLong-sundet ved Wrangeløya og i aust til Point Barrow i Alaska med Beauforthavet på andre sida. Beringsundet dannar den sørlegaste grensa med Beringhavet og Stillehavet lenger sør.

Den største hamnebyen ved Tsjuktsjarhavet er Uelen i Russland.

Den internasjonale datolinja kryssar Tsjuktsjarhavet frå nordvest til søraust. Ho er flytta austover for å unngå Wrangeløya og Tsjukotka på det russiske fastlandet.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Satellittbilete av Beringsundet
Chukchi Sea.JPG

Havet har eit areal på om lag 595 000 km² og er berre seglbart om lag fire månader av året. Dei største geologiske kjennemerka til botn Tsjuktsjarhavet er det 700 km lange Hopebassenget, som grensar til Heraldbogen i nordaust. Djup på mindre enn 50 meter dekkjer 56 % av heile området.

Havet er kalla opp etter tsjuktsjarane, som held til ved kysten og på Tsjukotkahalvøya. Tsjuktsjarane har tradisjonelt livnært seg av fiske, kvalfangst og jakt på kvalross i det kalde havet.

I Alaska renn elvane Kivalina, Kobuk, Kokolik, Kukpowruk, Kukpuk, Noatak, Utukok, Pitmegea og Wulik ut i Tsjuktsjarhavet. Av elvar på den sibirske sida finn ein mellom anna Amgujema, Jonivejem og Tsjegitun.

Tsjuktsjarhavet har få øyar samanlikna med andre havområde i Arktis. Det er ingen øyar sentralt og berre nokre få mindre øyar langs kysten av Sibir.

Historie[endre | endre wikiteksten]

28. september 1878 under Adolf Erik Nordenskiöld sin ekspedisjon, som segla heile Nordaustpassasjen for første gong med dampskipet «Vega», sette skipet seg fast i isen i Tsjuktsjarhavet. Sidan det ikkje var mogeleg å segle vidare det året vart skipet sikra for vinteren. Ekspedisjonsmedlemmane oppdaga derimot at berre eit par kilometer med is låg mellom dei og ope farvatn. Året etter, to dagar etter «Vega» kom seg laus, segla ho gjennom Beringsundet og ut i Stillehavet.

I 1913 vart skipet «Karluk» forlate av ekspedisjonsleiar Vilhjalmur Stefansson og skipet dreiv med isen nord i Tsjuktsjarhavet og vart til slutt knust av isen nær Heraldøya. Dei overlevande kom seg til Wrangeløya der dei fann seg i ein håplaus situasjon. Kaptein Robert Bartlett gjekk så hundrevis av kilometer med Kataktovik, ein inuittmann over Tsjuktsjarhavet etter hjelp. Dei nådde Kapp Vankarem på kysten av Tsjukotka den 15. april 1914. Tolv overlevande frå ekspedisjonen vart funne på Wrangeløya ni månader seinare av fiskeskonnerten «King & Winge».

I 1933 segla dampskipet «Tsjeljuskin» frå Murmansk og austover langs Nordaustpassasjen for å vise at det var mogeleg å segle heile ruta i løpet av ein sesong. Fartøyet hamna i isen i Tsjuktsjarhavet og etter å ha drive rundt med isen i to månader vart det knust og sokk 13. februar 1934 nær Koljutsjinøya. Bortsett frå eit dødsfall klarte heile mannskapet på 104 å opprette ein leir på havisen. Dei sovjetiske styresmaktene organiserte ei evakuering med fly frå isen, der alle vart redda. Kaptein Vladimir Voronin og ekspedisjonsleiar Otto Schmidt vart heltar.

Etter fleire mislukka forsøk vart vraket av skipet funne på botn av Tsjuktsjarhavet av ein russisk ekspedisjon i september 2006. To mindre bitar av skipet vart teke opp og sendt til eit skipsbyggingsselskap for å identifisere skipet.

Olje- og gassressursar[endre | endre wikiteksten]

Ein meiner at det finst store olje- og gassreservar i Tsjuktsjarhavet. Fleire oljeselskap har konkurrert om kontraktar for området.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Polyak, Leonid, Dennis A Darby, Jens F Bischof og Martin Jakobsson. 2007. "Stratigraphic Constraints on Late Pleistocene Glacial Erosion og Deglaciation of the Chukchi Margin, Arctic Ocean". Quaternary Research. 67, no. 2: 234.
  • Albert Hastings Markham. Arctic Exploration, 1895
  • Armstrong, T., The Russians in the Arctic, London, 1958.
  • William Barr, Discovery of the wreck of the Soviet steamer Chelyuskin on the bed of the Chukchihavet
  • Niven, J., The Ice Master, The Doomed 1913 Voyage of the Karluk.

Koordinatar: 70°N 171°W