Vladimir Vukicevic

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Vladimir Vukicevic
Fødd 6. mai 1991 (29 år)
Yrke friidrettsutøvar
Vladimir Vukicevic på Commons

Vladimir Vukicevic (fødd 6. mai 1991) er ein norsk friidrettsutøvar som spesialiserer seg på 110 meter hekk.

Vladimir er ein yngre bror av Christina Vukicevic og er oppvaksen i Drøbak og Bærum. Far deira, Petar Vukicevic er fem gonger jugoslavisk meister i 110 meter hekk og deltok i sommar-OL 1980 i Moskva. Vladimir Vukicevic har juniorrekorden for 110 meter hekk i Noreg; 14,03. Han sette rekorden den 10. august 2010 i Göteborg.

Vladimir Vukicevic har elles teke gull på NM i friidrett i 2009 og 2010. Under junior-VM 2010 i Canada tok han sølv på 13,59 i motvind på 2,4 m/s. Han deltok også på U23-EM i 2011 og på EM i friidrett 2012 i Helsingfors.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]