Vlorë

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Vlorë
Strandlina i Vlorë
Strandlina i Vlorë
Byvåpenet til Vlorë
Byvåpenet til Vlorë
Styresmakter
Land
Region
Albania
Vlorë
Grunnlagd 500-talet fvt.
Borgarmeister Shpëtim Gjika
Geografi
Flatevidd
 - By
 - Storbyområde

42,7 km²
648 km²
Innbyggjarar[1]
 - By (2011)
 - Storbyområde

79 513
104 827
Koordinatar 40°28′″N 19°29′″EKoordinatar: 40°28′″N 19°29′″E
Høgd over havet 0 m
Tidssone UTC +1 (UTC1)
Plassering
Vlorë kommune innafor regionen Vlorë
Vlorë kommune innafor regionen Vlorë

Vlorë (albansk Vlorë eller Vlora, gresk Αυλών, Avlón eller Αυλώνα, Avlóna) er ein kommune og den nest største hamnebyen i Albania etter Durrës med om lag 105 000 innbyggjarar (2011), og er hovudsete i regionen med same namn. Kommunen Vlorë ligg sørvest i Albania og grensar i nord til regionen Fier.

Administrativ inndeling[endre | endre wikiteksten]

Kommunen vart oppretta gjennom ei admininistrasjonsreform i 2014, ved at dei tidlegare bykommunane Vlorë og Orikum vart slått saman med landkommunane Qendër Vlorë, Novoselë og Shushicë.[2] Dei tidlegare kommunane inngår no som kommunaleiningar i den nye storkommunen. Kommunen har hovudsete i Vlorë.

Ved folketeljinga i 2011 hadde den dåverande bykommunen 79 513 innbyggjarar, medan dei fem kommunane som i dag utgjer storkommunen Vlorë, til saman hadde 104 827 innbyggjarar.[1]

Fram til år 2000 var dei tidlegare by- og landkommunane ein del av distriktet Vlorë.[3] Den dåverande bykommunen omfatta berre sjølve byen Vlorë.[2]

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Vlorë ligg på ei høgd nær Avlonabukta, ei vik i Adriahavet som nesten er heilt omringa av fjell. Hamna er den beste langs kysten av Albania, og den som ligg nærast Italia. Ho er verna av øya Saseno og Glossaneset.

Byen har ein fin utsjånad med minaretar og palass med hagar og olivenlundar rundt. Valonia, eit material som ein brukar ved garveri, er frøgøymet til ei eikenøtt som veks i området, og som har fått namnet sitt frå byen.

Soge[endre | endre wikiteksten]

Vlorë er ein av dei eldste byane i Albania og vart grunnlagd på 500-talet fvt. som ein gresk koloni kalla Aulōn, og ein av tre slike koloniar langs kysten av Illyria. Han vart første gong nemn Klaudios Ptolemaios (Geographia, III, xii, 2). Andre geografiske dokument, slik som Peutinger sin «Tabula» og «Synecdemus» av Hierocles nemnar òg byen. Byen vart ei viktig hamn i Romarriket, då han var ein del av Epirus Nova.

Den 28. november 1912 utropte Ismail Qemali albansk sjølvstende i Vlorë.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]