Vogtkysten

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 54°26′46″ S 3°22′12″ E
Vogtkysten
kyst
Land Flag of Norway.svg Bouvetøya
Koordinatar 54°26′46″ S 3°22′12″ E
Lengd 6,5 km
Bouvet Map.png
Locator Red.svg

Vogtkysten er ei 6,5 km lang kyststrekning på sørsida av den norske Bouvetøya i Sør-Atlanteren. Kysten strekkjer seg mellom Catoodden i vest og Kapp Fie i aust. Store delar av kysten består av bratte fjellsider og isklipper. Av brear som strekkjer seg ned mot kysten her finn ein Christensebreen og Randibreen. Vest på kysten ligg Rustadkollen, Selodden og Moseryggen like nord, medan Nyknausen ligg i aust, nær Kapp Fie.

Utanfor kysten ligg Randibåen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]