Volosjka

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Volosjka
elv
Land Flag of Russia.svg Russland
Nedslagsfelt 7 100 km²
Lengd 260 km
Middelvassføring 71,7 /s
Munning Onega

Volosjka
61°41′58″ N 39°14′17″ E

Volosjka (russisk Волошка) er ei elv i Arkhangelsk oblast i Russland og ei av sideelvane til Onega frå høgre. Ho er 260 km lang og har eit nedslagfelt på 7100 km².

Elva har ei middelvassføring på 71,7 m³/s. Ho frys til i midten av november og er islagd til slutten av april.

I den øvre delen av elva ligg landsbyen Volosjka langs eit sidespor av jernbanelinja mellom Njandoma og Konosja.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]