Volsungesoga

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Volsungesoga, òg kalla Soga om volsungane, det vil seie soga om Volsungeætta (den ætta som den mytiske Sigurd Fåvnesbane høyrde til), er ei norrøn soge, nedskrive truleg på 1200-talet, som skildrar lagnaden til dei to høvdingeættene Volsungane og Gjukungane og korleis dei vart endeleg utsletta i ei slektsfeide mellom dei, kjenneteikna av svik, normbrot på grunn av seksuell attrå og kjærleik og freistnader på å sikre seg ein gullskatt. Attom det heile, og pådrivarar i utviklinga står dei heidne gudane Odin, Høne og Loke, med guden Odin i brodden.

Soga byggjer på gamalt segn- og mytestoff, som til dels òg er kjend frå det gamle tyske Nibelungenlied (songen om Nivlungane), og nokre av personane meinast å ha førebiletet i historisk kjende personar. Men dei fleste er segnfigurar, guddommar og kvinnelege makter med førebiletet i den førkristne nordiske mytologien. Ettersom mange av hendingane dessutan er meir eller mindre lett attkjenneleg motiv i tidlegkristen biletkunst, er det mykje som taler for at denne bloddryppande soga om svik og mord er meint å fungere som ein kristen reiskap i arbeidet med å overvinne heidendomen og heiden samfunnsstruktur.

Den såkalla heltediktinga i Den eldre Edda skildrar mykje av det same som Volsungesoga, men ikkje på det fullstendige og samanhengande viset som Volsungesoga gjer.

Omsetjing til moderne norsk[endre | endre wikiteksten]

  • Soga om volsungane, omsett av Magnus Rindal. Oslo 1974: Det Norske Samlaget. ISBN 82-521-0300-6

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]