Loke

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Loke i eit islandsk manuskript frå 1700-talet.

Loke er ein fleirsidig figur frå norrøn gudetru. Han var av jotunætt, men òg fosterbroren til Odin. Han gjorde fleire vonde peik mot æsene, men var òg med på fleire morosame eventyr med dei. Loke kan ta dyreform og skifta kjønn, og gjer dette ofte i dei mange historiene han er med i.

Familie[endre | endre wikiteksten]

Loke er son av Farbauti og Laufey (Nál), og har to søsken; Byleist og Helblinde. Han er gift med Sigyn, som han fekk to søner med, Narve og Vale. Med gygra Angerboda fekk han dei fæle monstera Fenresulven, Midgardsormen og Hel. Loke var òg mor til Sleipne, hesten til Odin.

Peik[endre | endre wikiteksten]

Som ås hjelpte Loke ofte dei andre gudane til å kjempa mot jotnane, medan han som jotun likte å narra og skada æsene. Han klippa håret av Siv, men skaffa henne i ettertid gullhår. Han fekk òg den arge og hemngjerrige Skade til å le ved å binda ei geit fast til testiklane sine.

Han hjelpte mellom anna til då æsene skulle ha gjerde rundt Åsgard, og ein jotun bygde han for dei. Jotunen føreslo eit veddemål, som æsene gjekk med på, oppmuntra av Loke: Dersom jotunen kunne fullføra muren på ein vinter, skulle han få Frøya og sola som løn. Dersom han gjekk over tidsfristen, skulle arbeidet vera gratis. Då det såg ut som om jotunen skulle klara det, skapte Loke seg om til ei merr og lokka vekk hesten hans, Svadilfare. Slik blei Loke mor til Sleipner.

Tjuven[endre | endre wikiteksten]

Guden får stadig i oppdrag å stela ting for andre, og han er svært flink til det. Mellom anna stal han gullsmykket til Frøya, Brisingamen, medan ho sov.

Mordaren[endre | endre wikiteksten]

Loke får Hod til å skyta på Balder.

Det verste peiket hans var drapet av Balder. Loke gav den blinde guden Hod ein boge og ei pil av misteltein, Loke visste at mistelteinen var den einaste planten som kunne skada Balder. Deretter hjelpte han Hod å sikta på den usårlege guden. Balder døydde av skotet, og blei send til Helheim.

Æsene sørgde stort over dette, og bad Hel om å få han tilbake. Ho gjekk med på det, men berre dersom alle skapningar i verda ville gråta for han. Det gjorde dei alle, bortsett frå ein: Loke, i skapnaden av ei jotunkvinne.

Den skarpe tunga[endre | endre wikiteksten]

Loke er ofte éin som seier det som ikkje skal seiast, han erter folk og røper løynder. Han er òg glad i veddemål, både på eigne og andre sine vegne. Mellom anna vedder han hovudet sitt mot smedekunsten til dvergen Sindre. På dette viset vinn han grisen Gyllenbuste, gullringen Draupne og hammaren Mjølner for æsene, men tapar hovudet. Loke peiker då på at han berre har lova bort hovudet sitt - halsen hans kan ikkje skadast. Dvergen tek då fram nål og tråd og syr att munnen til Loke.

I eddadiktet Lokasenna kjem Loke ubedd til Ægir sitt gjestebod og eglar på seg alle gudane, stort sett ved å fornærma manndommen til æsene og kyskheita til åsynjene.

Straff[endre | endre wikiteksten]

Då æsene til slutt blei leie av lureriet til Loke, fanga dei han og batt han fast med tarmane til sonen Narve. Dei stakk ut auga hans og hang ein orm opp over han, som stadig drypp eiter nedi augehola. Kona Sigyn held ein bolle over han slik at gifta ikkje skal plaga han så mykje, men når ho tømmer bollen drypp gifta ned i såra, Loke skrik, og jorda bivrar.

Under Ragnarok skal Loke bli fri igjen og kjempa mot æsene, men han skal òg sjølv døy i slaget.

Den gode guden[endre | endre wikiteksten]

I ulike historier går Loke frå å vera ein morosam luregud til ein skikkeleg vondskapsfull skapning. Kanskje er han blitt vondare med tida, slik mange gudar endrar karakter med tida. Mellom anna er han ikkje skuld i Balders død i tidlegare forteljingar. For dei nykristna menneska i Norden kan Loke ha blitt ein slags djevlefigur som då sjølvsagt fekk meir vondt i seg enn han tidlegare hadde hatt.

Loke blei nemleg òg sett på som ein vernande gud. I ein færøysk ballade frå 1700-talet, Loka Thaattur, er Loke den som klarer å verna ein bondeson der Odin og Hønir ikkje kan. Odin bruker ein kveiteåker som gøymestad, men trollet som er ute etter guten finn han. Hønir gøymer han i nakkefjøra på ei svane, men trollet finn han der òg. Berre Loke klarer å lura trollet, ved å gøyma guten blant egga til ei flyndre. Trollet finn flyndra, men Loke har fortalt guten at han må springa inn i naustet like ved. Han så gjer, trollet set seg fast i eit kikkehòl (eller noko liknande), og Loke kappar av han foten og set ein stokk og ein stein inn i det som er igjen. Slik drep han trollet og reddar guten.