Vorte

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Vorte på augelokket

Vorter (verrucalatin) er ein godarta liten utvekst i huda som vanlegvis vert mellom 1 mm og 1 cm stor. Vorter skuldast ein infeksjon i huda eller i slimhinnene forårsaka av virus. Det finst mange forskjellige virus som kan gje vorter, men dei forskjellige virusa gjev vorter på forskjellige stader på kroppen.

Det er mest vanleg hjå barn i alderen frå 8 til 12 år. Etter at ein har fylt 35 år byrjar vorter å bli sjeldne. Dei fleste vortene forsvinn etter om lag 2 år.

Sjå og[endre | endre wikiteksten]