Vuollerim
Vuollerim | |||
busetnad | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
![]() Vuollerim | |||
Wikimedia Commons: Vuollerim | |||
Vuollerim er ein svensk tettstad i Jokkmokks kommun i Norrbottens län i landskapet Lappland. I 2005 hadde staden 800 innbyggjarar.
Staden ligg ved samløpet mellom Lilla og Stora Lule älv. To mil nord for Vuollerim ligg det store myrområdet Vuoskunáhpe.
Historie[endre | endre wikiteksten]
Ved utgravingar har ein funne leivningar av ein steinalderbusetnad som er datert til cirka 4000 f. Kr.
Vuollerim blei grunnlagt i 1756 som ei jordbruksbygd. Utbygginga til Vattenfall av kraftverket Porsi i 1956-1961 førte til stor innflytting til staden, og jordbruket var etter dette ikkje lenger den viktigaste næringsvegen.
Næringsliv[endre | endre wikiteksten]
Dei viktigaste næringsvegane er skogbruket og vasskrafta, sidan Vuollerim, forutan Porsi vasskraftverk, òg er heimstad for driftskontoret for store delar av dei andre kraftverka i Lule älv. Vattenfall er den største arbeidsgjevaren med flest tilsette, og mange lokale føretak er underleverandørar til Vattenfall.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Vuollerim» frå Wikipedia på bokmål, den 4. august 2012.