Hopp til innhald

Väinö Koskela

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Väinö Koskela
Statsborgarskap Finland
Fødd 31. mars 1921
Vederlax
Død 10. september 2016 (95 år)
Vederlax
Idrett friidrett
Tok del i Sommar-OL 1948, Sommar-OL 1952, EM i friidrett 1950

Seppo Väinö Aleksanteri Koskela (31. mars 192110. september 2016) var ein finsk langdistanseløpar, fødd og død i Virolahti.

Koskela deltok under Sommar-OL 1948 på 5 000 meter der han enda på sjuandeplassen. Same året vart han finsk meister distansen, ein prestasjon han gjentok i 1949. 15. juli 1949 i Turku sette han personleg rekord med tida 14.13,2.

I 1950 vann Koskela spurten om bronsemedaljen på 10 000 meter då europameisterskapen i Brussel. Den 24. juli 1951 vann han milløpet under landskampen Finland – Sverige framfor svensken B Karlsson. På olympiastadion i Helsinki fekk begge sluttida 30.10,0, livsbeste på distansen for begge karane. Under Sommar-OL 1952 på same arenaen vart Koskela nummer 16 på mila og utslått i kvalifiseringa på 5 000 meter.